Laurdag 8. september. Ein svært vellukka dugnad vart gjennomført. 900 m med løyper vart oppgradert med treflisdekke i 4 meter breidde på Bondalseidet. Totalt 1300 m med det som vart gjort i fjor.

Postet av Hovdebygda IL den 21. Aug 2018

Møre nytt sin artikkel om dugnaden

Takk til årets løype sponsorar: Sparebanken Møre, Marine Harvest, Aurstad og Øvstegård stiftelsen. Utan desse hadde ikkje dette prosjektet vorte noko av.  Og Hovdebygda IL langrenn tek sikte på at meir arbeid skal gjennomførast seinare i haust og komande år. 

4 traktorar med tilhengar + hjullastar frå VikØrsta + 10 langrennsentuiaster med mykje arbeidslyst arbeidde heile laurdagen.

900 m av langrennsløypene vart oppgradert med treflisdekke og frå før var 400 m ferdig i fjor og ein har no 1300 m klar til vinteren.

Formålet med treflisdekke er at vi skal kunne trene langrenn og rekrutterer mange nye til langrennsidretten også i snøfattige vintrar.

 treflis drenerer vatn betre enn grus og gras

på treflis legg snøen seg lettare

treflisa isolerer vekk litt av jordvarmen som igjen gjer tininga mindre

 på treflis kan ein preppe løype med 10-15 cm snødekke med snøscooter og rulle mot 30 cm med trakkemaskin på grus eller grasdekke.

 på treflis er det ingen fare for grus og stein som øydelegg skia.      Masse fordelar.

Frå før er god drenering utført med grøfter og rør.

 Nytt av året er ny og meir barnevennlig tilførsel til stadion.

 

Sjå også på "Hovdebygda IL langrenn medlemsgruppe"   på Facebook

Jarle Myklebust, Hallvard Yksnøy Bergmann, Pål Røe og Arild Bjørdal har tjuvstarta litt forrige laurdag i området rundt gapahuken, samt lagt straumkabel til gapahuken. 

Godt jobba.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.