KM sprinstafett, 2-manns lag for 13 år og eldre, med innlagt krins stafett 11-12 år og sonestafett for 9-10 år

Postet av Hovdebygda IL den 27. Feb 2018

Arkivbilde frå stafett 2016

Alle frå HIL som har lyst å delta må melde frå til trenarane tysdag kveld. Seinast onsdag kveld.

KM SPRINTSTAFETT, fristil, Volda, laurdag 3.mars 2018 Volda Langrenn og Skiskyting arrangerer Krinsmeisterskap i Sprintstafett (2-manns stafett), laurdag 3. mars på Reset i Volda. I tillegg til KM for aldersklasser 13-14 år og eldre, vil det bli arrangert Sonerenn/Krinsrenn i sprintstafett for yngre årsklasser, 9-12 år.

Sprintstafetten arrangerast med 2 løparar per lag. ... Kvar løpar skal gå 2 eller 3 etapper, annan kvar gong (distanse/tal etapper etter årsklasse) Ei jente kan stille på gutelag. Det er opning for klubbsamarbeid, dvs. at løparar frå ulike klubbar kan stille på same lag. Arrangør kan også gi dispensasjon for å gå i andre årsklasser. Det vil ikkje bli arrangert innleiande semifinaler, kun «direkte» finaler i dei ulike årsklassene.

Påmelding klubbvis ved påmeldingsansvarleg i SportsAdmin, el. send epost til skirenn@vti-ski.no innan onsdag 28.februar. For meir info sjå vår heimeside www.vti-ski.no

Vi følgjer Skikretsen si oppmoding og oppfordrar til eit fluorfritt arrangement ved bruk av fluorfri glider. Dette gjeld særleg for årsklassene frå 16 år og yngre.

Vi minner også om at Hovdebygda IL arrangerer Sparebank Møre Cuprenn nr. 8 på Bondalseidet søndag 4 mars. For tilreisande løparar kan aktuelle overnattingsstadar vere Volda Turisthotell, Hotell Ivar Aasen (Ørsta), Nipehyttene (Ørsta), Ørsta Camping, Sagafjord Hotell (Sæbø).

VI YNSKJER ALLE HJARTELEG VELKOMNE TIL SPRINTSTAFETT!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline