Styret i HIL langrenn har vedteke sesongplan.

Postet av Hovdebygda IL den 30. Nov 2017

Hovdebygda IL langrenn melder om stabilt godt oppmøte for alle grupper i haust, men har god plass til fleire.

Som i haust vert det 4 treningsgrupper 7-10år,      11-12 år,   13 + år,     ungdom/veteran,  Les meir under menyen "Felles treningar"

Treningane vert starta og avslutta ved varmestova til skisenteret dersom ikkje anna er annonsert på Facebook gruppa "Hovdebygda IL langrenn medlemsgruppe"

HIL langrenn skal arrangere 5 renn Sparebank1 -cup , derav 1 renn som kretsrenn for heile fylket og 1 renn som sonerenn.  Alt dette kan du lese om under menyen "Skirenn 2017-2018".

Årets klubbtur til skirenn vert helga 20. -21. januar med skirenn i Isfjorden  og Osmarka med overnatting i Torvikbukt.  I tillegg vert det overnattingstur for dei som skal delta i skirennet på Bjorli 16. desember.  meir om dette kjem etter kvart.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline