HAUSTDUGNAD BONDALSEIDET!

Postet av Hovdebygda IL den 10. Sep 2017

HAUSTDUGNAD BONDALSEIDET! Sjå vedlagt dugnadsliste for hausten 2017.

Dugnad

I år fokuserar vi mykje på utbedring av løypetrasear slik at vi kan klare oss med lite snø. Grøfting, stikkrenner og flislegging av trasear der vi fokuserer på langrensstadion og tilkomsttrase.

Det er alt utført mykje arbeid: Rydding av tred og buskar langs langrennstadion, grøfterensk med gravemaskin, nye grøfter er gravd opp, nye stikkrenner/rør  er lagt ned med stor dimmensjon, lyspærer er skifta.

Det som står igjen er rydding av tred og buskar omkring bygningane, rep. av stadion gjerdet, maling av gapahuk, rulle ut duk og legge flis og grus. Installasjon av lys og kontakter i Gapahuken/smørebuda og montering av lyskastarar på gapahuken.

Vi håper at det vert mykje godt ver og at vi er i mål i løpet av oktober. Og då vil vi merke det i vinter at vi kan gå på ski med lite snølag og at vi har betre fasilitetar.  Vi kan gjerne invitere barnehagar og skuleklasser til langrennstadion.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline