Ørsta fjellmaraton, laurdag 24. juni.

Postet av Hovdebygda IL den 17. Jun 2017

I samarbeid med gode hjelparar vert det ein drikkestasjon ved Mosetra (halveis i runda), men ellers må deltakarane vere sjølvforsynte med mat og drikke undervegs. Ein finner fleire gode vasskjelder langs løypa.

Arrangøren vil stille med drikke og digg ved runding/mål (Cola, seigmenn, kjekks, vann, saft).

For dei som skal springe heilmaraton så anbefalar vi å ha ein sekk med mat og drikke ved start/mål/runding, slik dykk kan fylle opp sekken halvvegs, eventuelt bytte litt kle og sko. Når ein kjem til runding snur vi retning og spring runde to motsett vei. Dette gjer vi for at deltakarane skal møte på kvarandre og gjere løpet meir sosialt. Vi har helse og heieplikt når du møter andre deltakarar!

Les om Ørsta fjellmaraton og korleis du kan melde deg på




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline