Årsmøte og nytt styre i Hovdebygda IL langrenn

Postet av Hovdebygda IL den 13. Feb 2017

Mandag 13. februar vart det halde årsmøte.

Rune Røyrhus las årsmeldinga som viste serdeles høg aktivitet.

Årsmelding HIL langrenn 2016

Bjørnar Øye som er kasserar la fram eit rekneskap med eit overskot for 2016 på om lag 29 000.- Han kunne vise til at laget har gode sponsorar og at økonomien er god.

Guttorm Øye som styremedlem og Rune Røyrhus som leiar takka av etter mange år i Hovdebygda IL langrenn.

Ny leiar i styret er Dag Jarle Aa

og nytt styremedlem er Arne Thomas Haram.

Styret elles består av Hans Olav Sætre, Runar Gretland, Johnny Riise, Bjørnar Øye og Geir Aamund Hovden.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline