Flott gjennomført veke av HIL langrenn. SISTE: Rennet på Ullsheim med resultatliste og bilder.

Postet av Hovdebygda IL den 30. Jan 2017

Simen Vatne Haram til ein svært bra delt 5. plass på Ullsheim

Luckas Loe Selbervik på veg opp den bratte bakken mot målområdet i 2 km løypa og delt 5. plass med lagkamerat Simen Vatne Haram.

To blide gutar med premiar etter rennet på Ullsheim. Gratulerer.

Trass i umoglege langrennsforhold på Bondalseidet, vart det ei veldig bra veke med barmarktrening tysdag, ondsdagstreninga, treningsrenn i skøyting torsdag og så til slutt skirenn på Ullsheim laurdag.

-----------------------

HIL langrenn deltok med 16 langrennsløparar i SSF Cup Kleivanerennet. Rennet vart arrangert på Ullsheim laurdag 4. februar i klassisk stil.

Av serdeles bra resultat må vi nemne:

G12 vart det ein 2. plass til Jørgen Gretland, delt 5. plass til Simen Vatne Haram og Lucas Loe Selbervik, berre 1 sek. frå 4. plass. (litt feil i resultatlista)

G16 vart det 2. plass til Adrian Flote.

Menn senior vart det 1. plass til Johnny Riise.

Elles veldig flott innsats av alle.

Resultat: Resultat frå klassisk rennet på Ullsheim


-------------------------------------------------------------------------------------------

På grunn av mangel på skiløyper på Bondalseidet vert det endringar i treningsplanen også komande veke. Følg med kvar dag på Facebook...


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline