70 deltakarar på nær-o-løp i Hovdebygda

Postet av Hovdebygda IL den 26. Jun 2015

Omtrent 70 deltakarar frå heile 9 ulike klubbar var representert då Hovdebygda arrangerte sesongens fjerde nær-o-løp. Hovdebygda IL hadde flest deltakarar. Og det var veldig imponerande i høve til at dette var første o-løpet i Hovdebygda på mange år. Flest var det som sprang nybegynnar løypa. Som venta var det Nordfjordingane som var øverst på resultatlistene. Isak Bergset frå NTNUI var suveren vinnar av lengste A-løypa. På dei neste plassane følgde Kjell Ove Bergset og Anders Bergset frå IL Veten. Best av markarane vart Gisle Bøe med ein fjerdeplass i den lengste A-løypa. Vigdis Sætren følgde på femteplass. I den korte A-løypa gjekk sigeren til Elias Bergset frå IL Veten. Resultatliste nær lop 11062015.pdf





Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.