Sesongstart, 15. august for 13 år+

Postet av Hovdebygda IL den 13. Aug 2019

Sesongstart!    Torsdag 15.8 startar vi opp igjen med første trening for 13+ (I år vil dette seie f. 2007 og eldre). Oppmøte ved Bygg 1 kl. 17.00. Rulleski skøyting.

 Faste treningstider framover blir tysdag (barmark og styrke) ved Hovden skule kl 18-20 og rulleski torsdag 18-19.30 (17.00 kun no første gangen). I tillegg vert det tilbod om trening mandag og onsdag for dei som vil over 15 (f. 2005 og eldre). Meir info om dette med detaljert vekeplan/ periodeplan vert lagt ut her... i løpet av veka. Trenarar på denne gruppa i år vert Hans Olav, Runar og Dag. 

 Dei yngste gruppene (f. 2008 og yngre) startar som vanleg opp rundt haustferien ein gong. Meir info om dette kjem etterkvart. 

 Vel møtt til ny sesong!