HIL stiller i Folketoget på 17. mai. Ver med du også.

Postet av Hovdebygda IL den 16. Mai 2019

HOVDEBYGDA LANGRENN går som vanleg i folketoget i Ørsta på 17.mai. Oppstilling kl.14.45. Flott viss flest muleg går på rulleski og har på den raude HIL-jakka😃🇳🇴 Mange synast det er eit kjekt innslag med utøvarar på rulleski i toget! Viss du har ekstra HIL-rulleski heime er det fint viss du tek dei med til utdeling utanfor stadion litt før oppstilling🇳🇴😃🎉



Mandagar Styrketrening, Hovden skule, gymsalen. Ungdom/Senior/Veteran

Postet av Hovdebygda IL den 14. Mai 2019

kl. 18. 45 - oppvarming ute, ein kjapp joggetur

kl. 19.00 - 20.00  styrketrening i gymsalen (kan møte direkte kl. 19 i gymsalen om ein vil). Treninga går fram til skuleferien og startar opp igjen etter skuleferien.



Onsdagstreninga. Ungdom/Senior/Veteran

Postet av Hovdebygda IL den 14. Mai 2019

Onsdagar    Denne treninga går året rundt.  

Frammøtestad: Hovden møbel kl. 20

Kven kan delta? 

 Alle kan delta og det er ikkje krav til treningskontigent eller kva idrettslag du høyrer til! Vi ønsker alle velkomen, og spesielt tilsette hos våre sponsorar.  

Treningane passar for dei som har trena litt og likar å presse seg:) 

Treningsgruppa tel i dag ca. 10-15 personar i alderen 16-60år.   

Endringar på oppmøtestad: Dette vil bli kommunisert  same dag på Hovdebygda langrenn si facebook side; «Hovdebygda IL skigruppe, medlemsgruppe».  

Kontaktperson Bjørnar Øye mob. 90780306 mail.     bjornar.oye@gmail.com