Periodeplan for 13 år +

Postet av Hovdebygda IL den 23. Aug 2018

Illustrasjonsbilde.

Det er lagt ut periodeplan for 13 år + gruppa

Periodeplan 13+ hausten 2018.docx

Elles så er menyen for felles treningar oppdatert.



Laurdag 8. september. Ein svært vellukka dugnad vart gjennomført. 900 m med løyper vart oppgradert med treflisdekke i 4 meter breidde på Bondalseidet. Totalt 1300 m med det som vart gjort i fjor.

Postet av Hovdebygda IL den 21. Aug 2018

Møre nytt sin artikkel om dugnaden

Takk til årets løype sponsorar: Sparebanken Møre, Marine Harvest, Aurstad og Øvstegård stiftelsen. Utan desse hadde ikkje dette prosjektet vorte noko av.  Og Hovdebygda IL langrenn tek sikte på at meir arbeid skal gjennomførast seinare i haust og komande år. 

4 traktorar med tilhengar + hjullastar frå VikØrsta + 10 langrennsentuiaster med mykje arbeidslyst arbeidde heile laurdagen.

900 m av langrennsløypene vart oppgradert med treflisdekke og frå før var 400 m ferdig i fjor og ein har no 1300 m klar til vinteren.

Formålet med treflisdekke er at vi skal kunne trene langrenn og rekrutterer mange nye til langrennsidretten også i snøfattige vintrar.

 treflis drenerer vatn betre enn grus og gras

på treflis legg snøen seg lettare

treflisa isolerer vekk litt av jordvarmen som igjen gjer tininga mindre

 på treflis kan ein preppe løype med 10-15 cm snødekke med snøscooter og rulle mot 30 cm med trakkemaskin på grus eller grasdekke.

 på treflis er det ingen fare for grus og stein som øydelegg skia.      Masse fordelar.

Frå før er god drenering utført med grøfter og rør.

 Nytt av året er ny og meir barnevennlig tilførsel til stadion.

 

Sjå også på "Hovdebygda IL langrenn medlemsgruppe"   på Facebook

Jarle Myklebust, Hallvard Yksnøy Bergmann, Pål Røe og Arild Bjørdal har tjuvstarta litt forrige laurdag i området rundt gapahuken, samt lagt straumkabel til gapahuken. 

Godt jobba.



Rulleskirenn hausten 2018

Postet av Hovdebygda IL den 20. Aug 2018

Lokal HIL/Sparebank1-cup, klasser frå 7 år:

1. rennet søndag 19. august på Ullsheim, Markane i Stryn.

2. rennet søndag 21. oktober på Ullsheim, Markane i Stryn i samband med HIL langrenn samling.

Sport1 Tomra rulleski-cup, krets cup for Møre og Romsdal, klasser frå 11 år.:

LK arrangerer i samarbeid med Hovdebygda IL og Molde og Omegn IF rulleskicup i Møre og Romsdal for klassene 11 år og eldre hausten 2018. 

Følgjande 3 renn inngår i cupen der alle renn tel samanlagt: 

Søndag 19. august, Ullsheim Markane. Skibytte frå 13 år og eldre. Fristil for alle 12 år og yngre. 

Laurdag 1. september på Skaret skisenter, fristil sprint med prolog og 4 heat (her vil Team Veidekke Midt Norge laget også delta) 

Søndag 16. september, Trollstigen Opp, klassisk motbakke 

Alle konkurranser vil bli lagt ut på Sportsadmin med vanlig påmelding (minidrett) husk ny årsklasse fra 1. mai 2018. 

Poengutrekning etter same utrekning som SBM cup. Premiering samanlagt til alle som har delteke på alle 3 renn uavhengig av plassering. 

Premiering også til samanlagtvinnarar. Vi håper mange ønskjer å delta i cupen slik at vi får gode konkurransar.




13+: Oppstart av fellestreningar, samling på Ullsheim og rulleskirenn.

Postet av Hovdebygda IL den 3. Aug 2018

Tysdag 7.8 kl 18.00: Klassisk

Torsdag 9.8 kl 18.00: Skøyting

Tysdag 14.8 kl 18.00: Klassisk...

Nokre er kanskje på ferie fortsatt. Flott viss dei som kjem på desse treningane skriv ein kommentar til dette innlegget!

Fredag 17.8-19.8: Samling på Ullsheim for dei som er med i Storfjordlangrenn.

Søndag 19.8: Rulleskirenn på Ullsheim. Duathlon for 13+, skøyting for dei under 13. Sjå eigen artikkel om rennet.

Meir informasjon om hausten for alle grupper kjem snart!

Kjekt å starte opp igjen med fellestreningane. Vi ser fram til gode treningar, kjekke samlingar og rulleskirenn............