O-løp i Hovdebygda torsdag 31. mai

Postet av Hovdebygda IL den 25. Mai 2018

Torsdag 31.5 blir det orienteringsløp i Hovdeåsen. Start mellom kl.18.00- 19.00 frå Langemyra /Mork stadion. 4 ulike løyper med ulik vanskegrad og lengder. Startkontingent kr 20,- for barn under 16 år, kr 40,- for vaksne. Løpet er ein del av orienteringscupen i Nordfjord. Vel møtt!



HIL deltok i folketoget i Ørsta sentrum

Postet av Hovdebygda IL den 23. Mai 2018

Foto. Hallvard Yksnøy Bergmann



Sommartrening - Nathalie, Mia og Dag på Sognefjellet

Postet av Hovdebygda IL den 22. Mai 2018

Bilde av Nathalie Vatne Aa og Mia Vatne Aa på Sognefjellet


Hovdebygdail.no kjem til å legge ut artikler om sommartrening. Først ute er eit veldig godt eksempel på trening. Sommarskiløping på Sognefjellet.  Nathalie, Mia og Dag brukte pinseferie til å trene og finpusse på langrennsteknikken under fine forhold og strålande sol på Sognefjellet.



Storfjordlangrenn 2018-2019.

Postet av Hovdebygda IL den 13. Mai 2018

Arkivbilde

HIL langrenn skal melde inn aktuelle kandidatar til Storfjordangrenn innan 20.mai.

Storfjordlangrenn er eit treningssamarbeid for klubbane sør for Romsdalsfjorden for løparar mellom 13-16 år. I fjor deltok Emilie, Håvard, Jørgen og Nathalie frå Hil. I år er det planlagt 6 samlingar:

...

- 25.-27 mai: Stordal - 17.-19 august: Ullsheim - 7.-9 sept.: Valldal - 5.-7. oktober: Stordal (open for alle) - 15.-18 november: Dombås (ski) - 13.-16 desember: Bjorli (ski)

Det blir også høve til å signere hospiteringskonttakt der ein får delta på samlinga i Valldal + ei valfri snøsamling. (+ 5-7 okt i Stordal som er open for alle)

Kontingent for å bli med er på kr 7000,- pr løparar. Hil langrenn dekker halvparten av denne for sine løparar.

Alle frå Hil som kan tenke seg å bli med komande sesong må melde frå til meg på dagjarlea@yahoo.no INNAN 16. MAI så melder eg inn løparar til styret i Storfjordlangrenn. Dei gjer så eit uttak det uttatte løparar får tilsendt ei kontrakt som må signerast av løparane, foreldre og klubbleiar (meg).

Om du ønskjer meir info, ta kontakt med meg eller Runar Gretland!



Gå under Hovdebygda IL i Folketoget i Ørsta.

Postet av Hovdebygda IL den 13. Mai 2018

Arkivilde.

Hovdebygda IL langrenn oppmodar alle om å gå bak fana til HIL i folketoget i Hovdebygda (oppstilling ved Hovden skule) og i folketoget i Ørsta kl. 15 (oppstilling på Ørsta stadion.

Med eller utan rulleski.



Invitasjon og presentasjon til klubbane frå Storfjordlangrenn for sesongen 2018-19.

Postet av Hovdebygda IL den 6. Mai 2018

Melding fra Storfjordlangrenn:

Det er no sendt ut invitasjon og presentasjon til klubbane frå Storfjordlangrenn for sesongen 2018-19. Klubben vil informere meir om dette snarleg. Første samling er planlagt i Stordal allereie helga 25-27 mai. Alle aktive langrennsløparar som er født mellom 2003 og 2006 kan melde si interesse!

Fint om kvar enkelt som har utøvarar i aktuell alder kan begynne å tenke litt om dette kan vere aktuelt, då det sannsynlegvis vil bli kort frist for tilbakemelding på invitasjon. Opplegget i fjor var særs bra og det vil nok bli vel så bra i år!



Onsdagstreninga

Postet av Hovdebygda IL den 4. Mai 2018

Onsdagar (intervalltrening) Intervalltrening i området rundt Hovdeåsane. Oppmøte kl.20.00 ved Hovden Møbel. Vi køyrer ulike intervalltypar kvar gong som til dømes 5x4min, 5x5min, 10x1min, 6x3min 5x1000m. Denne treninga køyrer vi året rundt, og til vinteren er det intervall på ski.   
Kven kan delta?

Alle kan delta og det er ikkje krav til treningskontigent! Vi ønsker alle velkomen, og spesielt tilsette hos våre sponsorar.

Onsdagstreninga har so langt vore ei rein herretrening.

Treningane passar for dei som har trent litt og likar å presse seg:) Treningsgruppa tel i dag ca. 10-15 personar i alderen 16-60år.   

Av og til vert oppmøtestad endra, men det vert kommunisert   same dag på Hovdebygda langrenn si facebook side; «Hovdebygda IL skigruppe, medlemsgruppe».  

Kontaktperson Bjørnar Øye mob. 90780306 mail.     bjornar.oye@gmail.com



Kretslaget langrenn 2019. Vegard Røyrhus og Adrian Flote har vore HIl sine løparar på kretslaget sesongen 2017/2018. No kjem innbydinga til ein ny sesong.

Postet av Hovdebygda IL den 4. Mai 2018

Her kjem info og samlingsplan om kretslaget for sesongen 2018-2019. Det er frist for påmelding 15. mai. Send påmelding til Pål Bjørn Øvrebust på mail, messenger eller sms. Første samling er 25.-27. mai i Stordal. Les grundig vedlagt info om kretslaget og ny samlingsplan, så sjåast vi snart på første samling i Stordal


Info om Kretslaget



Flott løp av Pål Røe i Rotevatnet rundt laurdag 28. april

Postet av Hovdebygda IL den 3. Mai 2018

Arkivbilde lånt frå Kondis av Pål Røe.

Rotevatnet rundt går sin gang med løp kvar månad.

Laurdag 28. april var det litt tunge forhold på grunn av vegarebid. Men det vart ein flott 2. plass til Pål Røe i klasse 40-49. I denne klassen stilte også Hovdebygdingen Roger Steinnes.