Søndag 30. desember. Treningsrenn i Stordal og i Markane

Postet av Hovdebygda IL den 29. Des 2018

Søndag 30.12 er det to mogelegheiter for treningsrenn som erstatning for renna som er avlyst i nord og sør denne helga. Stordal inviterer til sprintrenn i fristil på Stavsengfjellet kl.11.00 (med 2 km prolog først). Markane inviterer til distanserenn i fristil på Ullsheim kl.12.30. Påmelding ved oppmøte begge stader.



Laurdag 5. januar: Ullsrennet i fristil, Markane IL på Ullsheim. Søndag 6. januar Stafett arrangert av Markane IL. Søndag 6. januar SBM cup Molde, klassisk.

Postet av Hovdebygda IL den 28. Des 2018

ULLSRENNET

SBM cup 4. Molde Klassisk

Laurdag om ei veke blir Ullsrennet arrangert på Ullsheim i Stryn. Søndag er det stafett, men og SBM-cup i Molde. Reknar med at mange av dei eldste skal til Molde søndag, men altså mogeleg å vere med på stafett for dei som ikkje vil reise så langt. Legg og merke til jentesamling som sikkert er mogeleg å delta på sjølv om det er i nabofylket.



Oppdatert med resultat for 3. rennet 19. februar 2019 - 4. og siste Trimrennet/Sparebank1-cup med premieutdeling vert Tysdag 12. mars.

Postet av Hovdebygda IL den 17. Des 2018

Resultat frå 3. rennet 19. februar 2019  RESULTAT2019-sp3.pdf

Hovdebygda langrenn ønsker alle velkomen til Trimrenn/Sparebank1 Cup renn på Bondalseidet tysdag 12. Mars,  påmelding kl.17:30 -18.00 . Dette er 4. og siste med premieutdeling.   Våre renn vil erstatte ØIL trimgruppe sine trimrenn som har blitt arrangert i mange år.

Stad/vegskildring:
Rennet foregår på langrennstadion (sjå vedlagt kart).
Vi set opp skilt ved parkeringsplassen som syner vegen.
Det kan vere litt mørkt på delar av vegen, vi tilrår alle føresette å ta med ei hodelykt.  

Parkering: ved skisenteret.

Startkontigent: 50kr (kan betale med Vipps).

Trimrenn 0-7år
Påmelding i Gapahuken på langrennstadion frå kl.17:30-18.00. Start etter  påmelding. Løypa er ca. 500m lang. Det er INGEN tidtaking for desse årsklassene.

Sparebank1 Cup 7år og eldre
Påmelding i Gapahuken frå kl.17:30-18.00. Første start ca. kl.18:45.
Desse årsklassene har tidtaking. (men også over 7 år kan velje å gå i klassa utan tidtaking).

Premiering
Alle som deltek på eit eller fleire renn får premie. Premieutdeling blir på siste rennet tysdag 12.mars.

Ta med ski!
Vi oppfordrar på alle føresette på det sterkaste om å ta med ski. Det er viktig for å unngå at løypene blir unødvendig "opptrakka" og vere eit godt føredøme for borna.



Veldig god sesongopning av HIL langrennsløparar på Stavsengfjellet og på Ullsheim

Postet av Hovdebygda IL den 17. Des 2018


Arkivbilde frå sist vinter.   I sesongopning på Stavsengfjelle, vart det same rekkefølgje som dette bildet viser. 

 Kl. 14 år: 1. plass til Jørgen Gretland, HIL  2. plass til Sindre Fylling, Stordal og 3. plass til Lucas Loe Selbervik, HIL.

Ingvild Øye gjorde eit comeback og var til bake med startnummer etter nokre år opphald. Bildet viser frå starten på Ullsheim, 5 km fristil. Vi dreg også kjensel på startaren som var eks. landslagstrenar Sjur Ole Svarstad.


Elles mange gode resultat av langrennsløparane frå Hovdebygda IL.



Komande skirenn: AVLYST!!!! 29. desember - Kretsrenn sprint -fristil - SMB-cup3, Tomrefjord

Postet av Hovdebygda IL den 17. Des 2018

29. desember - Tomrefjord kretsrenn sprint -fristil - SMB-cup3,

5. januar Ullsrennet - fristil, Markane IL, Stryn

6. januar Molde kretsrenn klassisk- SBM-cup4, 

6. januar Ullsrennet - stafett, Markane IL, Stryn



Sesongstart for skirenn søndag 16. des. SBM-cup på Bjorli og Krinsrenn på Ullsheim, Markane i Stryn.

Postet av Hovdebygda IL den 11. Des 2018

Sesongstart til helga.  Legg merke til påmeldingsfrist:

skiforbundet.no
Arrangement
Åpningsrenn i fristil for M&R Skikrets sesongen 2018-19. Innbydelse kommer. I tillegg til Fristilrennet arrangeres det et 0-løp. her skal løperne gå 2 x 1 km sløyfer på mest mulig lik tid. Meld på i minidrett til dette rennet også (kr. 50). Hvis du vil delta på begge rennene, så huk av for...


Dag Jarle Aa  Også mogeleg å sesongopne i Stryn for dei yngste som tykkjer Bjorli vert for langt: https://www.skiforbundet.no/.../12/krinsrenn-pa-ullsheim/Administrer
skiforbundet.no
Krinsrenn på Ullsheim


Avtalen som idrettslaga har med Ørsta skisenter om løypekøyring

Postet av Hovdebygda IL den 10. Des 2018

Utanom avtalen er det å seie at det nokre gongar er fornuftig å la vere å preppe, det er mellom anna når det er veldig tynn såle. Prepping på veldig blaut såle kan øydelegge heile løypa. Snømengda minkar litt for kvar prepping og då må ein passe på å ikkje køyre så sand og gruas kjem opp der det ikkje er treflis.


Utrdrag av avtalen som Hovdebygda IL, Ørsta Il, Sæbø IL og Åmdal IL har med Ørsta skisenter:

"2. Ørsta skisenter As skal stå føre trakking av lysløypa med langrennstadion, for skøyting og

klassisk. Klassisk vil seie eit spor på eine kanten.

3. Lysløypa skal vere ferdig trakka tysdag, onsdag, torsdag, fredag kl. 17.30. Laurdag og søndag kl.

11.

4. Løypa til Åmskaret skal trakkast i helgane pluss tysdag og torsdag, når ver og snødjupne tillet det.

5. Når det vert skipa langrennskonkurransar, skal sambindingsløypene (2km og 3 km ), trakkast

etter avtale. Løypene for langrennskonkurransar skal prioriterast framfor vanleg trakking for

publikum."


Løypekøyrar vurderer om det er fornuftig å køyre løypene når det er for lite snø. Ved lite snø kan prepping føre til at det kjem opp småstein i snøen.




Gode resultat av Vegard Røyrhus på Natrudstilen og Sjusjøen og Adrian Flåte på Natrudstilen, Lillehammer i helga

Postet av Hovdebygda IL den 10. Des 2018

Arkivbilde av Adrian frå Tverrfjelldilten, Stryn.


Resultat finn ein på langrenn.com



Bestilling av dynejakker med klubbmerke og klubb pris.

Postet av Hovdebygda IL den 2. Des 2018

Bestilling av dunjakker!

Pris voksen: 1350kr

Pris born: 1250kr 

Vi har ikkje prøvemodellar, men fint om alle som ønsker jakke prøver jakker til dei som allereide har. Design blir det same som i fjor, dvs. som vedlagt bilde viser (klubbmerke på venstre bryst og Hovdebygda IL Langrenn på ryggen.

Siste frist for bestilling, søndag 2.des. 

Send bestilling til bjornar.oye@gmail.com



Bestilling av dynejakker med klubbmerke og klubb pris.

Postet av Hovdebygda IL den 2. Des 2018

Bestilling av dunjakker!

Pris voksen: 1350kr

Pris born: 1250kr 

Vi har ikkje prøvemodellar, men fint om alle som ønsker jakke prøver jakker til dei som allereide har. Design blir det same som i fjor, dvs. som vedlagt bilde viser (klubbmerke på venstre bryst og Hovdebygda IL Langrenn på ryggen.

Siste frist for bestilling, søndag 2.des. 

Send bestilling til bjornar.oye@gmail.com



Neste: Samling for kretslaget 6. til 9. des - Samling for 5 frå HIL på Bjorli 13. til 16. des. og SparebankenMøre-cup i fristil på Bjorli søndag 16. des

Postet av Hovdebygda IL den 29. Nov 2018


Trening: mandag-tysdag-onsdag-torsdag. 4 treningsgrupper. Du finn meir om dette under nedtrekksmenyen - Felles treningar.  Ver obs på at is og snø kan føre til raske endringar. Så best å følgje med på Facebook - Hovdebygda IL langrenn medlemsgruppe.

Adrian Flote, HIL, er med på juniorkretslaget Møre og Romsdal skikrets

Nathalie Vatne Aa, Håvard Sætre, Emilie Flote, Jørgen Gretland og Lucas Loe Selbervik er med på samlingssamarbeidet Storfjordlangrenn. Runar Gretland er leiar i styret for Storfjordlangrenn.



Håvard, Nathalie, Emilie, Jørgen og Lucas på skisamling på Dombås i lag med Storfjordlangrenn

Postet av Hovdebygda IL den 16. Nov 2018

Det er meldt om: ca 1 pluss grad og nydelege forhold.  Bli ei kjekk helg



Terminlista for 2018/2019

Postet av Hovdebygda IL den 10. Nov 2018

Terminliste


Haustmøtet i skikrinsen vart halde på Vestnes tysdag denne veka. Hovudsak var fastsetting av terminlista. Viktige datoar å merke av i kalenderen er helga 23-24.3 då vi skal arrangere krinsrenn på Bondalseidet. Som i fjor blir dette eit klassiskrenn i SBM-cupen. Sesongåpning blir på Bjorli 16.12,  19-20. januar blir det truleg klubbtur /overnattingstur til Vistdal og Osmarka og 24.2 arrangerer Volda KM sprintstafett. 


Ellers var det litt diskusjon omkring fluorforbod.  Nytt i år er at det er fluorforbod for 16 år og yngre på alle renn i heile landet.  Det vil også bli gjennomført kontrollar for å sikre at dette blir respektert av alle.


Medan dei vaksne var på møte fekk barna/ungdommane ei god økt med Team Skinstad: 


https://www.facebook.com/115581718516243/posts/2285419974865729/




Prøving av klubbklede - frist for bestilling er søndag 11. nov. til Bjørnar Øye

Postet av Hovdebygda IL den 4. Nov 2018

Minner om at det er muleg å prøve klubbklede på skikvelden i morgon, dette vert gjort heilt til slutt. Vedlagt ligg eit bilde av årets kolleksjon (er den same som i fjor). Prisliste er også vedlagt. 

 NB!
 Prisane er kraftig rabattert som følge av sponsoravtalar med tre bedrifter. Dette har vi gjort for å halde nede kostnaden ved å halde på med langrenn. Desse prisane er difor berre tilgjengelege for born som går på trening eller s...kal begynne, og foreldre/føresette. 

 Alle kan sjølvsagt kjøpe våre klede, og dei som ikkje har tilknytning til skigruppa får litt andre prisar. Kontakt meg for pris. bjornar.oye@gmail.com

 Velkomen til skikveld alle saman:)



Skikretsens Haustmøte tysdag 6. november på Vestnes

Postet av Hovdebygda IL den 31. Okt 2018

Sakliste Haustmøtet  med utkast til terminliste som skal vedtakast på haustmøtet

Under "Høstmøtet-Langrenn/ Skikveld-Sport 1 Tomra" 06 november, blir det både foredrag ved Åge Skinstad, Høstmøte-Langrenn, og en treningsøkt for barn og ungdom med Mårten og Petter Skinstad. I den forbindelse trenger vi en påmelding for å kunne beregne lokaler, mat etc.

Påmelding til Dag Jarle Aa innan 01.oktober.



Trening for 11-12 års gruppa:

Postet av Hovdebygda IL den 13. Okt 2018

Arkivbilde.

Vi starter opp med treninger rett etter haustferien. Tirsdager kl 18-20 med oppmøte gymsalen ved Hovden skule. 18-19 barmark, med forskjellige spenst, hurtighet og intervalløvelser. 19-20 felles styrketrening med 13+. Ta med refleksvest, joggesko/terrengsko, staver for barmark, hodelykt + skift til innetrening. Torsdager kl 18.00-19.30 rulleski skøyting. Oppmøte på Bygg1 på Rystelandet.

 HIL Langrenn ønsker alle velkommen til trening!



Skitrening 7-10 år hausten 2018.

Postet av Hovdebygda IL den 10. Okt 2018


Skitrening 7-10 år, hausten 2018: 

Torsdag 18.10 startar skitreningane opp igjen for aldersgruppa 7-10 år. Det vert trening kvar torsdag kl.18.00-19.00 ved Bygg 1 i Hovdebygda (Industrivegen 32). Treningane er lagt opp som skileik på rulleski. Alle som vil får låne rulleski av Hovdebygda langrenn. Ein må ha med stavar, hjelm, refleksvest og skisko.  Det er ein fordel med litt stive sko på rulleski ("kombisko"  el.l.) Trenar i år vert Ingeborg Ressem. Vel møtt til alle gamle og nye! 😊



Årets Langrennsportens venner -hue har kome

Postet av Hovdebygda IL den 9. Okt 2018

Årets Langrennsportens venner -hue har kome. Ein kan velge mellom 2 variantar, tynn (t.v.) eller tjukk (t.h) Årets tjukke hue skal vere kvit og ikkje raud, kvit og blå som på bildet under. Pris kr 150,-. (butikkpris kr 300,-) Pris med Spb1 logo: 180,- Dei som vil ha kan bestille ved å skrive på antal under her eller på e-post til dagjarlea@yahoo.no . Eg sender inn bestilling om det er over 10 som vil ha (kvar klubb må bestille min 10 stk). Frist: 16.10.18



Bestilling av klubbdressar!

Postet av Hovdebygda IL den 9. Okt 2018


Vi kjem til å kjøre ei ny bestilling av overtrekksdressar og konkurransedressar, det vert akkurat same modell og design som i 2017. Informasjon om tid/stad for å prøve dressane kjem etterkvart.



Periodeplan for 13+

Postet av Hovdebygda IL den 9. Okt 2018

Periodeplan frå haustferien for 13+: Det vert løping og styrketrening på tysdag og rulleski skøyting eller klassisk på torsdag. Oppmøtestad varierer. I tillegg til det som er planlagt vil det bli nokre fellestreningar i helgane. Vi ser fram til gode og kjekke treningar! Dag Jarle og Hans Olav håper du kjem på treningane framover.

Periodeplan 13+ hausten 2018 frå haustferien.docx




HIL langrenn, samling for alle frå 6 til 18 år på Ullsheim, Stryn.

Postet av Hovdebygda IL den 8. Okt 2018


Innbyding Ullsheim 2018.docx

TRENINGSSAMLING PÅ ULLSHEIM 20.-21.10.2018

Hovdebygda il langrenn inviterer alle langrennsløparar i klubben til treningssamling på Ullsheim i Stryn. Samlinga er open for alle frå 6 år -18 år. Alle under 10 år må ha med foreldre. Hovdebygda il langrenn stiller med trenarar og mat til alle måltid. Påmelding: Til hasaetre@online.no innan onsdag 17.10. Du er velkomen til ei kjekk helg i Stryn😎!



8 frå Hovdebygda il langrenn skal delta 5. til 7.oktober på årets Stordalsamling.

Postet av Hovdebygda IL den 21. Sep 2018

5.7.oktober er det klart for årets Stordalsamling. Dette er alltid ei veldig bra og sosial samling der Hovdebygda langrenn pleier å stille med ein stor tropp. HIL langrenn dekker halve kontingenten for HIL sine løparar.  Påmelding via minidrett.  (Løparar på Storfjordlangrenn må også melde seg på via minidrett- dei betaler ikkje eigen kontingent for denne samlinga).

Meir informasjon



Hovdebygda IL langrenn er nominert til en pris for stort engasjement i lokalmiljøet. Ver med å stem fram HIL langrenn.

Postet av Hovdebygda IL den 14. Sep 2018

Lenkje til Avstemmings sida

Hovdebygda IL langrenn er  nominert til en pris for stort engasjement i lokalmiljøet. Vi er nominert saman med 4 andre grupper der vinnaren får ein premie på 5000kr + heder, ære og positiv omtale! 

Ber alle om å gå inn å like Amfi Ørsta sine facebooksider slik at dokke får informasjon om stemmegiving etc. Nominasjonen vil bli lagt ut fredag 14. september og så kan ein stemme fram til fredag 21. september kl. 12. 

Må gjerne dele og like Facebook sida til AMFI!
 

Dette skal vi vinne!!



Periodeplan for 13 år +

Postet av Hovdebygda IL den 23. Aug 2018

Illustrasjonsbilde.

Det er lagt ut periodeplan for 13 år + gruppa

Periodeplan 13+ hausten 2018.docx

Elles så er menyen for felles treningar oppdatert.



Laurdag 8. september. Ein svært vellukka dugnad vart gjennomført. 900 m med løyper vart oppgradert med treflisdekke i 4 meter breidde på Bondalseidet. Totalt 1300 m med det som vart gjort i fjor.

Postet av Hovdebygda IL den 21. Aug 2018

Møre nytt sin artikkel om dugnaden

Takk til årets løype sponsorar: Sparebanken Møre, Marine Harvest, Aurstad og Øvstegård stiftelsen. Utan desse hadde ikkje dette prosjektet vorte noko av.  Og Hovdebygda IL langrenn tek sikte på at meir arbeid skal gjennomførast seinare i haust og komande år. 

4 traktorar med tilhengar + hjullastar frå VikØrsta + 10 langrennsentuiaster med mykje arbeidslyst arbeidde heile laurdagen.

900 m av langrennsløypene vart oppgradert med treflisdekke og frå før var 400 m ferdig i fjor og ein har no 1300 m klar til vinteren.

Formålet med treflisdekke er at vi skal kunne trene langrenn og rekrutterer mange nye til langrennsidretten også i snøfattige vintrar.

 treflis drenerer vatn betre enn grus og gras

på treflis legg snøen seg lettare

treflisa isolerer vekk litt av jordvarmen som igjen gjer tininga mindre

 på treflis kan ein preppe løype med 10-15 cm snødekke med snøscooter og rulle mot 30 cm med trakkemaskin på grus eller grasdekke.

 på treflis er det ingen fare for grus og stein som øydelegg skia.      Masse fordelar.

Frå før er god drenering utført med grøfter og rør.

 Nytt av året er ny og meir barnevennlig tilførsel til stadion.

 

Sjå også på "Hovdebygda IL langrenn medlemsgruppe"   på Facebook

Jarle Myklebust, Hallvard Yksnøy Bergmann, Pål Røe og Arild Bjørdal har tjuvstarta litt forrige laurdag i området rundt gapahuken, samt lagt straumkabel til gapahuken. 

Godt jobba.



Rulleskirenn hausten 2018

Postet av Hovdebygda IL den 20. Aug 2018

Lokal HIL/Sparebank1-cup, klasser frå 7 år:

1. rennet søndag 19. august på Ullsheim, Markane i Stryn.

2. rennet søndag 21. oktober på Ullsheim, Markane i Stryn i samband med HIL langrenn samling.

Sport1 Tomra rulleski-cup, krets cup for Møre og Romsdal, klasser frå 11 år.:

LK arrangerer i samarbeid med Hovdebygda IL og Molde og Omegn IF rulleskicup i Møre og Romsdal for klassene 11 år og eldre hausten 2018. 

Følgjande 3 renn inngår i cupen der alle renn tel samanlagt: 

Søndag 19. august, Ullsheim Markane. Skibytte frå 13 år og eldre. Fristil for alle 12 år og yngre. 

Laurdag 1. september på Skaret skisenter, fristil sprint med prolog og 4 heat (her vil Team Veidekke Midt Norge laget også delta) 

Søndag 16. september, Trollstigen Opp, klassisk motbakke 

Alle konkurranser vil bli lagt ut på Sportsadmin med vanlig påmelding (minidrett) husk ny årsklasse fra 1. mai 2018. 

Poengutrekning etter same utrekning som SBM cup. Premiering samanlagt til alle som har delteke på alle 3 renn uavhengig av plassering. 

Premiering også til samanlagtvinnarar. Vi håper mange ønskjer å delta i cupen slik at vi får gode konkurransar.




13+: Oppstart av fellestreningar, samling på Ullsheim og rulleskirenn.

Postet av Hovdebygda IL den 3. Aug 2018

Tysdag 7.8 kl 18.00: Klassisk

Torsdag 9.8 kl 18.00: Skøyting

Tysdag 14.8 kl 18.00: Klassisk...

Nokre er kanskje på ferie fortsatt. Flott viss dei som kjem på desse treningane skriv ein kommentar til dette innlegget!

Fredag 17.8-19.8: Samling på Ullsheim for dei som er med i Storfjordlangrenn.

Søndag 19.8: Rulleskirenn på Ullsheim. Duathlon for 13+, skøyting for dei under 13. Sjå eigen artikkel om rennet.

Meir informasjon om hausten for alle grupper kjem snart!

Kjekt å starte opp igjen med fellestreningane. Vi ser fram til gode treningar, kjekke samlingar og rulleskirenn............



Resultatliste for Rulleskicup på Ullsheim, Markane i Stryn. søndag 19. august. Rennet er første renn i Møre og Romsdal skikrets sin rulleskicup. Arr.: Hovdebygda IL langrenn

Postet av Hovdebygda IL den 30. Jul 2018


Rennet vert arrangert som skiatlon/duathlon for klassene 13 år og eldre. Fristil for klassene 12 år og yngre. Individuell start, 30 sekund startintervall. Manuell tidtaking. Påmelding innan 17.08 kl 23.59.

Meir informasjon:   Påmelding med meir

Vegen til Ullsheim  Ullsheim skianlegg.pdf

Startliste Tomra Sport 1- rulleskicup.pdf

Resultar Tomra Sport 1 rulleskicup.pdf







Skikretsen arrangerer rulleskicup i samarbeid med Hovdebygda IL og Molde og Omegn IF

Postet av Hovdebygda IL den 27. Jun 2018

Arkivbilde frå Rulleskicup på Ullsheim

LK arrangerer i samarbeid med Hovdebygda IL og Molde og Omegn IF rulleskicup i Møre og Romsdal for klassene 11 år og eldre høsten 2018. Følgende 3 renn inngår i cupen der alle renn teller sammenlagt: Søndag 19. august, Ullsheim Markane. Skibytte fra 13 år og eldre. Fristil for alle 12 år og yngre. Lørdag 1. september på Skaret skisenter, fristil sprint med prolog og 4 heat (her vil Team Veidekke Midt Norge laget også delta) Søndag 16. september, Trollstigen Opp, klassisk mo...tbakke Alle konkurranser vil bli lagt ut på Sportsadmin med vanlig påmelding (minidrett) husk ny årsklasse fra 1. mai 2018. Poengberegning etter samme beregning som SBM cup. Premiering sammenlagt til alle som har deltatt på alle 3 renn uavhengig av plassering. Premiering også til sammenlagtvinnere. Vi håper mange ønsker å delta i cupen slik at vi får gode konkurranser.



Dag Jarle Aa og Hans Olav Sætre skal delta på Trenar 3-kurs på Sognefjellet

Postet av Hovdebygda IL den 25. Jun 2018

Arkivbilde frå 2015, då Dag og Hans Olav deltok på trenar 2 kurs.

Norges Skiforbund melder: Kurset startar med ei samling på Sognefjellet 28.- 30. juni  2018.
Hovedtemaer vil være langrennsteknikk med Audun Svartdal og Geir Endre Rogn. I tillegg vil vi ta for oss arbeidskravsanalyse og treningsplanlegging (Geir Endre Rogn).



HIL og onsdagstreninga stilte sterkt på Ørsta fjellmaraton

Postet av Hovdebygda IL den 23. Jun 2018

Frå passering Kråkenakken tidleg i løpet.

Johnny Riise nr. 4 - Øystein Mårstøyl nr. 5 - Bjørnar Øye nr. 6 - og så kom resten med gode resultat. Hallvard, Pål, Martin, Runar, Dan Børge - Elles fleire kjende Bodil Ryste, Arne Thomas Haram, Arild Bjørdal, Arild Stokke, Unni Natås,   Totalt 120 deltakarar.

Resultat liste frå Kondis.no



Ny standard på lysløypa på Bondalseidet.

Postet av Hovdebygda IL den 15. Jun 2018

Bildet viser ein av dei mange haugane med treflis som er køyrt frå Vallamarka med semitrailarar til Aurstad.

Mykje meir er snart transportert til Bondalseidet.

Seinare på sommaren og hausten skal det køyrast ut på langrennstadion og resten av lysløypa.

Det kan bety at vi kan ha treningar på minimalt med snø.



NY treningsplan for Onsdagstreninga

Postet av Hovdebygda IL den 11. Jun 2018



 Treningsplan HIL langrenn 

Intervalltreningar onsdagar Dato 

Innhald 

22.08.18 

10x1min (skogsveien til Ytre Hovdeåsen) 

29.08.18 

6x1000m (langs Hovdevatnet) 

05.09.18 

5x5min løping (Rompa-Håskjoldåsen-Langemyra-Indre Hovdeåsen) 

12.09.18 

5x4min elghufs (Selbervika-Hovdevatnet-Helgahornet) 

19.09.18 

10x1min (skogsveien til Ytre Hovdeåsen) 

26.09.18 

6x1000m (langs Hovdevatnet) 

03.10.18 

5x5min løping (Rompa-Håskjoldåsen-Langemyra-Indre Hovdeåsen) 

10.10.18 

5x4min elghufs (Selbervika-Hovdevatnet-Helgahornet) 


 Merknad  

- Alltid oppmøte kl.20:00 ved Hovden Møbel. Men det er mulig at vi flyttar nokre økter til Ørsta Stadion i oktober, dette vil det kome nærmare beskjed om når den tid kjem. 

- Dersom det er grått og dårleg med lys, kan nokre 5x5min økter få endra løype, dette må vi ta fortløpande. 

- Når det er sett opp elghufs, so må alle ta med stavar! Anbefalar også å ta med lykt og refleksvest mot slutten av september. 


Styrkretreningar mandagar 


Første styrketrening er mandag 3.september. 

Oppmøte kl.18:45 ved Hovden Skule, vi tek ein kjapp løpetur før styrketreninga som startar kl.19:00. 

Dette er sirkeltrening med fokus på mage, rygg og armar. 

Ny treningsplan:   Onsdagstreninga_treningsplan_haust 2018.pdf


 Denne treninga går året rundt, og til vinteren er det intervall på ski.    

Kven kan delta?

Alle kan delta og det er ikkje krav til treningskontigent eller kva idrettslag du høyrer til! Vi ønsker alle velkomen, og spesielt tilsette hos våre sponsorar.

Onsdagstreninga har so langt vore ei rein herretrening.

Treningane passar for dei som har trent litt og likar å presse seg:) Treningsgruppa tel i dag ca. 10-15 personar i alderen 16-60år.  

Kontaktperson Bjørnar Øye mob. 90780306 mail.     bjornar.oye@gmail.com

Velkomen alle saman😊 



Pål Røe sprang inn til ei veldig god tid i Birkebeinerløpet

Postet av Hovdebygda IL den 11. Jun 2018

Arkivbilde av Pål Røe.

Pål Røe i klasse 45-49, fekk tida 1.31.  Vi må også nemne at ein annen frå onsdagstreninga, Øystein Mårstøl i klasse 35-39, fekk tida 1,26. Og Arild Bjørdal i klasse 60-64 sprang inn til merke for 15. gong og fekk tida 1,36.

resultat service



Team Øye med klassesiger både i Herre og dameklassa under Follestaddalen rundt.

Postet av Hovdebygda IL den 3. Jun 2018

Ingvild Øye på veg mot mål.

Bjørnar Øye over mål

Totalt deltok om lag 70 små og store i mosjonsløp, barneløp og konkurranseklassa. Ingvild Øye vann i dameklassa og Bjørnar Øye i herreklassa. Mange frå HIL i barneløpet.

Reportasje i kondis



Hallvard Yksnøy Bergmann med godt motbakkeløp

Postet av Hovdebygda IL den 3. Jun 2018

Bildet er frå løpet Follestaddalen rundt dagen etterpå.

Hallvard Yksnøy Bergmann, HIL,  er ein mann med god kondisjon. Laurdag med god tid i

motbakkeløpet "Blåfelden rett opp" og søndag med godt resultat i landevegsløpet "Follestaddalen rundt".

Reportasje i Syvde IL si heimeside



O-løp i Hovdebygda torsdag 31. mai

Postet av Hovdebygda IL den 25. Mai 2018

Torsdag 31.5 blir det orienteringsløp i Hovdeåsen. Start mellom kl.18.00- 19.00 frå Langemyra /Mork stadion. 4 ulike løyper med ulik vanskegrad og lengder. Startkontingent kr 20,- for barn under 16 år, kr 40,- for vaksne. Løpet er ein del av orienteringscupen i Nordfjord. Vel møtt!



HIL deltok i folketoget i Ørsta sentrum

Postet av Hovdebygda IL den 23. Mai 2018

Foto. Hallvard Yksnøy Bergmann



Sommartrening - Nathalie, Mia og Dag på Sognefjellet

Postet av Hovdebygda IL den 22. Mai 2018

Bilde av Nathalie Vatne Aa og Mia Vatne Aa på Sognefjellet


Hovdebygdail.no kjem til å legge ut artikler om sommartrening. Først ute er eit veldig godt eksempel på trening. Sommarskiløping på Sognefjellet.  Nathalie, Mia og Dag brukte pinseferie til å trene og finpusse på langrennsteknikken under fine forhold og strålande sol på Sognefjellet.



Storfjordlangrenn 2018-2019.

Postet av Hovdebygda IL den 13. Mai 2018

Arkivbilde

HIL langrenn skal melde inn aktuelle kandidatar til Storfjordangrenn innan 20.mai.

Storfjordlangrenn er eit treningssamarbeid for klubbane sør for Romsdalsfjorden for løparar mellom 13-16 år. I fjor deltok Emilie, Håvard, Jørgen og Nathalie frå Hil. I år er det planlagt 6 samlingar:

...

- 25.-27 mai: Stordal - 17.-19 august: Ullsheim - 7.-9 sept.: Valldal - 5.-7. oktober: Stordal (open for alle) - 15.-18 november: Dombås (ski) - 13.-16 desember: Bjorli (ski)

Det blir også høve til å signere hospiteringskonttakt der ein får delta på samlinga i Valldal + ei valfri snøsamling. (+ 5-7 okt i Stordal som er open for alle)

Kontingent for å bli med er på kr 7000,- pr løparar. Hil langrenn dekker halvparten av denne for sine løparar.

Alle frå Hil som kan tenke seg å bli med komande sesong må melde frå til meg på dagjarlea@yahoo.no INNAN 16. MAI så melder eg inn løparar til styret i Storfjordlangrenn. Dei gjer så eit uttak det uttatte løparar får tilsendt ei kontrakt som må signerast av løparane, foreldre og klubbleiar (meg).

Om du ønskjer meir info, ta kontakt med meg eller Runar Gretland!



Gå under Hovdebygda IL i Folketoget i Ørsta.

Postet av Hovdebygda IL den 13. Mai 2018

Arkivilde.

Hovdebygda IL langrenn oppmodar alle om å gå bak fana til HIL i folketoget i Hovdebygda (oppstilling ved Hovden skule) og i folketoget i Ørsta kl. 15 (oppstilling på Ørsta stadion.

Med eller utan rulleski.



Invitasjon og presentasjon til klubbane frå Storfjordlangrenn for sesongen 2018-19.

Postet av Hovdebygda IL den 6. Mai 2018

Melding fra Storfjordlangrenn:

Det er no sendt ut invitasjon og presentasjon til klubbane frå Storfjordlangrenn for sesongen 2018-19. Klubben vil informere meir om dette snarleg. Første samling er planlagt i Stordal allereie helga 25-27 mai. Alle aktive langrennsløparar som er født mellom 2003 og 2006 kan melde si interesse!

Fint om kvar enkelt som har utøvarar i aktuell alder kan begynne å tenke litt om dette kan vere aktuelt, då det sannsynlegvis vil bli kort frist for tilbakemelding på invitasjon. Opplegget i fjor var særs bra og det vil nok bli vel så bra i år!



Onsdagstreninga

Postet av Hovdebygda IL den 4. Mai 2018

Onsdagar (intervalltrening) Intervalltrening i området rundt Hovdeåsane. Oppmøte kl.20.00 ved Hovden Møbel. Vi køyrer ulike intervalltypar kvar gong som til dømes 5x4min, 5x5min, 10x1min, 6x3min 5x1000m. Denne treninga køyrer vi året rundt, og til vinteren er det intervall på ski.   
Kven kan delta?

Alle kan delta og det er ikkje krav til treningskontigent! Vi ønsker alle velkomen, og spesielt tilsette hos våre sponsorar.

Onsdagstreninga har so langt vore ei rein herretrening.

Treningane passar for dei som har trent litt og likar å presse seg:) Treningsgruppa tel i dag ca. 10-15 personar i alderen 16-60år.   

Av og til vert oppmøtestad endra, men det vert kommunisert   same dag på Hovdebygda langrenn si facebook side; «Hovdebygda IL skigruppe, medlemsgruppe».  

Kontaktperson Bjørnar Øye mob. 90780306 mail.     bjornar.oye@gmail.com



Kretslaget langrenn 2019. Vegard Røyrhus og Adrian Flote har vore HIl sine løparar på kretslaget sesongen 2017/2018. No kjem innbydinga til ein ny sesong.

Postet av Hovdebygda IL den 4. Mai 2018

Her kjem info og samlingsplan om kretslaget for sesongen 2018-2019. Det er frist for påmelding 15. mai. Send påmelding til Pål Bjørn Øvrebust på mail, messenger eller sms. Første samling er 25.-27. mai i Stordal. Les grundig vedlagt info om kretslaget og ny samlingsplan, så sjåast vi snart på første samling i Stordal


Info om Kretslaget



Flott løp av Pål Røe i Rotevatnet rundt laurdag 28. april

Postet av Hovdebygda IL den 3. Mai 2018

Arkivbilde lånt frå Kondis av Pål Røe.

Rotevatnet rundt går sin gang med løp kvar månad.

Laurdag 28. april var det litt tunge forhold på grunn av vegarebid. Men det vart ein flott 2. plass til Pål Røe i klasse 40-49. I denne klassen stilte også Hovdebygdingen Roger Steinnes.



Heile ski-Norge møtast i Ålesund i 2020

Postet av Hovdebygda IL den 27. Apr 2018

Fredag 27. april blevart det bestemt at Møre og Romsdal Skikrets vertskap vertskap for Skitinget i 2020, og kretsen har bestemt at tinget skal leggast til Ålesund.



Treningssamarbeidet Storfjordlangrenn hadde avslutning for sesongen 2017-2018. HIL-Langrenn har hatt med 4 løparar denne sesongen.

Postet av Hovdebygda IL den 23. Apr 2018

Foto:Runar Gretland.  Henta frå Facebook


I helga var det avslutning på Stordjordlangrenn 2017-2018. HIL-Langrenn har hatt med 4 løparar denne sesongen og det har vore spennande og lærerikt! Sesongen vart avslutta med «topptur» opp trekket på Overøye, skileik og Taco.

Håper alle frå HIL som var med i år held fram neste sesong + nokre til.

Det ligger an til at alle aktive som er født i 2006 og tidlegare får invitasjon. Dette er et godt opplegg som gir god trening både sosialt og langrennsmessig. Kan anbefalast for alle som er motivert for litt ekstra trening.

Invitasjonar vil vert sendt ut ganske snart, men ta gjerne kontakt med ein av trenarane viss dokke vil ha meir informasjon om opplegget!



Skikretsen melder: Vårmøter i skikretsen, 27. mai i klubbhuset til Spjelkavik IL.

Postet av Hovdebygda IL den 23. Apr 2018

Arkivbilde frå ein kjekke langrenn søndag.

Skikretsens Vårmøter i alle grenene (langrenn/ Alpint/ Hopp & Kombinert/ Telemark holdes i klubbhuset til Spjelkavik IL, søndag 27 mai. Sett av datoen, nærmere informasjon om program kommer.



Premieutdeling for Sparebank1-cup. 55 deltok i årets cup renn

Postet av Hovdebygda IL den 14. Apr 2018

Foto: Dag Jarle Aa.   Bilde frå premieutdelinga 2018




Onsdagstreninga held fram

Postet av Hovdebygda IL den 2. Apr 2018

Ungdom/Veteran: (treninga passar også for dei som er 14/15 år og eldre) kontaktperson Bjørnar Øye

Onsdagar (intervalltrening) Intervalltrening i området rundt Hovdeåsane. Oppmøte kl.19:30 ved Hovden Møbel. Vi køyrer ulike intervalltypar kvar gong som til dømes 5x4min, 5x5min, 10x1min, 6x3min 5x1000m. Denne treninga køyrer vi året rundt, om vinteren er det intervall på ski.   

Kven kan delta?

Alle kan delta og det er ikkje krav til treningskontigent! Vi ønsker alle velkomen, og spesielt tilsette hos våre sponsorar.

Onsdagstreninga har so langt vore ei rein herretrening.  Treningane passar for dei som har trent litt og likar å presse seg:) Treningsgruppa tel i dag ca. 10-15 personar i alderen 16-60år.   

Endringar på oppmøtestad I løpet av hausten kan oppmøtestad endre seg for onsdagstreninga. Dette vil bli kommunisert  same dag på Hovdebygda langrenn si facebook side; «Hovdebygda IL skigruppe, medlemsgruppe».  

Kontaktperson Bjørnar Øye mob. 90780306 mail.     bjornar.oye@gmail.com



56 stilte til start under sonerennet/5. rennet i Sparebank1-cup på Bondalseidet

Postet av Hovdebygda IL den 22. Mar 2018

Klar til start under sonerennet torsdag kveld. Etterpå var det grilling og avslutning av sesongen.

Resultatliste sonerenn og  5. rennet i Sparebank1-cupen



SBM-cupen (krinscupen) vart avslutta med duathlon i Molde i dag. Jørgen Gretland gjekk heilt til topps i klasse G13 år og vann med dette cupen samanlagt.

Postet av Hovdebygda IL den 18. Mar 2018

SBM-cupen (krinscupen) vart avslutta med duathlon i Molde i dag.

 Jørgen Gretland gjekk heilt til topps i klasse G13 år og vann med dette cupen samanlagt. I same klasse fekk Luckas Loe Selbervik ein sterk 3.plass samanlagt .

Nathalie vatne Aa vart nr 3 samanlagt i J14,  medan Hans Olav Sætre vann klasse M senior.

Håvard Sætre gjekk og eit godt renn i dag og var med i tettrioen heilt inn til skibytte.

 12 år og yngre konkurrerte i skicross. Her deltok Karl Gretland , Dorthea Gretland , Mathea Loe Selbervik og Mia vatne Aa frå Hovdebygda il.

Resultat frå finalerennet



Siste skirennet torsdag 22. mars - 5. rennet i Sparebank1 cup og sonerenn for alle i regionen.

Postet av Hovdebygda IL den 17. Mar 2018

Arkivbilde.

5. renn i Hovdebygda IL langrenn sin langrennscup, Sparebank 1-cup. Totalt 5 renn i cupen. Ope for alle klasser. Premie etter kor mange renn ein deltek i.

OGSÅ SONERENN!!   for alle i heile regionen.

PÅMELDING på e-post til: dagjarlea@yahoo.no INNAN ONSDAG 21.3.

Start: 18.30.

Løypelengder etter alder.

Stilart: Fristil.

Påmeldingskontingent: kr 50,-

No mogeleg med Vipps



HIL stiller sterkt i Birkebeiner rennet

Postet av Hovdebygda IL den 17. Mar 2018

Bilde av Vegard Røyrhus

6 frå Hovdebygda IL stilte til start:

Adrian Flote 3,38,41         M16-17

Vegard Røyrhus 3,18,38    M20-24

Runar Gretland 3,24,26     M40-44

Johnny Riise      3,30,19     M 40-44

Pål Røe, ikkje komen i mål når dette var skrive     M45-49

Geir Flote, ikkje komen i mål når dett var skrive.   M45-49

Vert oppdatert...



Siste krinsrennet: Duathlon, 9. rennet i SpareBankenMøre- Cup

Postet av Hovdebygda IL den 11. Mar 2018

Arkivbilde av HIL gjengen litt tidlegare i år.

Informasjon og påmelding  klikk på lenkja.



HIL langrennsløparane deltok i Veten rennet

Postet av Hovdebygda IL den 10. Mar 2018

Gode resultat i Veten rennet.

12 frå HIL deltok.

Dette er nest siste helga med kretsrenn denne sesongen.

Komande helg er det avslutning av Spareabanken Møre cup på Molde.

Det vert veldig spennande.





Adrian Flote i M17 og Vegard Røyrhus i M19-20 frå HIL, leverte gode resultat. Resultata finn du under lenkja til arrangøren si heimeside.

Postet av Hovdebygda IL den 2. Mar 2018

Arkivbilde av Vegard.

NM-helga startar med klassisk langdistanse fredag og held fram med skøyting laurdag og vert avslutta med krins stafett på søndag.  Vegard står over rennet på fredag.

Adrian går alle 3 renna

Lenkje til deltakarar og arrangøren si heimeside


Arkivbilde frå Tverrfjelldilten 2017



KM sprinstafett, 2-manns lag for 13 år og eldre, med innlagt krins stafett 11-12 år og sonestafett for 9-10 år

Postet av Hovdebygda IL den 27. Feb 2018

Arkivbilde frå stafett 2016

Alle frå HIL som har lyst å delta må melde frå til trenarane tysdag kveld. Seinast onsdag kveld.

KM SPRINTSTAFETT, fristil, Volda, laurdag 3.mars 2018 Volda Langrenn og Skiskyting arrangerer Krinsmeisterskap i Sprintstafett (2-manns stafett), laurdag 3. mars på Reset i Volda. I tillegg til KM for aldersklasser 13-14 år og eldre, vil det bli arrangert Sonerenn/Krinsrenn i sprintstafett for yngre årsklasser, 9-12 år.

Sprintstafetten arrangerast med 2 løparar per lag. ... Kvar løpar skal gå 2 eller 3 etapper, annan kvar gong (distanse/tal etapper etter årsklasse) Ei jente kan stille på gutelag. Det er opning for klubbsamarbeid, dvs. at løparar frå ulike klubbar kan stille på same lag. Arrangør kan også gi dispensasjon for å gå i andre årsklasser. Det vil ikkje bli arrangert innleiande semifinaler, kun «direkte» finaler i dei ulike årsklassene.

Påmelding klubbvis ved påmeldingsansvarleg i SportsAdmin, el. send epost til skirenn@vti-ski.no innan onsdag 28.februar. For meir info sjå vår heimeside www.vti-ski.no

Vi følgjer Skikretsen si oppmoding og oppfordrar til eit fluorfritt arrangement ved bruk av fluorfri glider. Dette gjeld særleg for årsklassene frå 16 år og yngre.

Vi minner også om at Hovdebygda IL arrangerer Sparebank Møre Cuprenn nr. 8 på Bondalseidet søndag 4 mars. For tilreisande løparar kan aktuelle overnattingsstadar vere Volda Turisthotell, Hotell Ivar Aasen (Ørsta), Nipehyttene (Ørsta), Ørsta Camping, Sagafjord Hotell (Sæbø).

VI YNSKJER ALLE HJARTELEG VELKOMNE TIL SPRINTSTAFETT!



Årsmøte Hovdebygda IL 26.02. 18 kl. 19.00

Postet av Hovdebygda IL den 14. Feb 2018

Årsmøte Hovdebygda IL 26.02. 18 kl. 19.00

Sakliste

1. Val av møteleiar

2. Val av skrivar

3. Val av to representantar til å signere protokollen

4. Godkjenning av innkalling

5. Godkjenning av sakliste

6. Godkjenning av årsmelding 2017

7. Godkjenning av rekneskap 2017

8. Godkjenning av budsjett 2018

9. Val av styre, revisorar og valnemnd for 2018 (valnemnda legg fram)

10. Val av representantar til å representere HIL på Ørsta Idrettsråd sitt årsmøte (hverken stad eller tidspunkt har komt, men kjem til årsmøte)

11. Barneidretten

12. evt.

Eventuelle andre årsmøtesaker må bli meldt til leiar på leiar.hil@outlook.com

Caroline Rudi



Tverrfjelldilten: 1. plass til Jørgen Gretland og mange gode plasseringar til Hovdebygda langrennsløparane.

Postet av Hovdebygda IL den 10. Feb 2018




Arkivbilde frå 2016.

Jørgen Gretland vann klasse 13-14 år i 5 km distanserenn. Marius Saure Riise gjekk inn til 2. plass i G11-12 år, og Håvard Sætre vart nr. 3 i G13-14 år.

Johnny Saure Riise, Runar Gretland, Pål Røe og Geir Flote leverte veldig gode løp i seniorklassa  under Tverrfjelldilten som vart arrangert frå Ullsheim i Stryn, laurdag 10. februar.

Resultatliste



3. rennet i Hovdebygda IL langrenn sin langrennscup, Sparebank 1-cup. Med resultatliste.

Postet av Hovdebygda IL den 9. Feb 2018

3. renn i Hovdebygda IL langrenn sin langrennscup, Sparebank 1-cup.


Ope for alle klasser. Ope for alle i heile regionen. Premie etter kor mange renn ein deltek i.

I tillegg til dei som står på resultatlista var det med barn under 7 år.

Resultatliste Spb. 1-cup nr. 3 15. februar 2018



Til helga er det nytt Sparebanken Møre Cup renn i langrenn.

Postet av Hovdebygda IL den 7. Feb 2018

Arkivbilde frå Tverrfjelldilten i fjor

Denne gongen er det Sunnylven IL som inviterer til renn i fristil i Lysløypa - Hyttehola, søndag 11 februar. Invitasjon i terminlista og under Skirenn



Årsmøte i Hovdebygda IL langrenn

Postet av Hovdebygda IL den 6. Feb 2018

Det vart halde årsmøte i Hovdebygda IL langrenn, mandag 5. februar.

Styret for 2018:



Leiar Dag Jarle Aa dagjarlea@yahoo.no 971 85 183

Økonomi/sponsoransvarleg Bjørnar Øye bjornar.oye@gmail.com 907 80 306

Anleggsansvarleg Geir Aamund Hovden geiraah@msn.com  99004995

Sportsleg ansvar 11-12 år Runar Gretland   runar.gretland@sparebanken.no  98287832

Sportsleg ansvar 13 år/junior Hans Olav Sætre hasaetre@online.no 905 83 628


Arne Thomas Haram og Johnny Riise gjekk ut av styret.  Leiar takka for den gode innsatsen desse hadde gjordt for HIL langrenn.

Johhny held fram som trenar for 7-10 års gruppa.

Det vert seinare valt styremedlem for denne gruppa.



Gode prestasjonar og gode opplevingar i Ungdommens Holmenkollrenn

Postet av Hovdebygda IL den 5. Feb 2018

Jørgen og Nathalie deltok i helga under Ungdommens Holmenkollrenn. Rennet samlar dei fleste av dei beste 13 og 14 åringane frå heile landet. Fantastiske forhold begge dagar og ei kjekk helg i Oslo for både løparar og resten av støtteapparatet/ heiagjengen. Beste resultat sto Jørgen for då han slo til med ein veldig sterk 35.plass av over 200 startande på søndagens fristilrenn



Oppdatert med resultatliste. Sonerenn på Volda skisenter, Reset, onsdag 7. februar, fristil.

Postet av Hovdebygda IL den 2. Feb 2018

Arkivbilde.


Resultatliste Sonerenn Volda

Onsdag 7.februar er det klart for det tredje rennet i Sparebank1-cupen på Reset. I tillegg til cuprenn vil arrangementet også ha status som Sonerenn for naboklubbane i vårt nærområde. Sonerenna er tenkt som rekrutteringsarrangement og trimarrangement der ein kan få konkurrere i nære og mindre stemne. Det er gitt rom for deltaking heilt ned til fem år. Vi oppmodar alle som har lyst til å ta del i desse meir uformelle renna i nærområdet. Vår sone består av kommunane Volda, Ørsta, Vanylven, Hareid og Ulstein. Vi gjer det enkelt, – ingen påmeldingsavgift og heller ingen premiering på dette rennet.

Løypelengdene er tilpassa alder.

Rennstart 1830.

Påmelding som vanleg: 1.Born fødde i 2010 eller seinare går utan tid: Påmelding på staden 1745-1815 2.Fødde 2009 eller før meldast på via epost: skirenn@vti-ski.no innan kl 1600 onsdag. Gje opp namn, kjønn, fødselsår og lag.

Velkomne til flotte skiforhold på Reset.



Komande helg: Ungdommens Holmenkollrenn og Midt Norsk mesterskap i Valldal

Postet av Hovdebygda IL den 1. Feb 2018

Arkivbilde frå Holmenkollen vinteren 2017

Nathalie Vatne Aa og Jørgen Gretland er HIL sine repesentantar i Ungdommens Holmenkollrenn komande helg.
Emilie Flote, Håvard Sætre og Luckas Loe Selbervik skal delta på Midt Norsk mesterskap i Valldal



Håvard Sætre nr. 4 i Krinsmeisterskapet for klasse gutar 14 år. Døn Børge Saure frå Bjørke vart krinsmeister klasse senior.

Postet av Hovdebygda IL den 29. Jan 2018

Arkivbilde frå Tverrfjelldilten 2017, Håvard Sætre nr. 174

Resultat

Arkivilde av Dan Børge Saure i midten frå Fjellsæterrunden 2016



Luckas Loe Selbervik, G13, vart vinnar av KM i LangrennCross (Sogn og fjordane)

Postet av Hovdebygda IL den 27. Jan 2018

Lagbilde etter KM rennet på Tua, Eid IL. Med på bildet er Mathea Loe Selbervik, Luckas Loe Selbervik,  Emil Dyb Hovden, Mathias Dyb Hovden, Syver Dyb Hovden, Marius Saure Riise.




Resultat LangrennCross KM Sogn og fjordane.



Årsmøte i Hil langrenn mandag 5.2 kl.19.00 på klubbhuset i Hovdebygda.

Postet av Hovdebygda IL den 27. Jan 2018

Årsmøte i Hil langrenn mandag 5.2 kl.19.00 på klubbhuset i Hovdebygda.

Innkalling:

 1. Val av møteleiar

 2. Val av skrivar ...

3. Val av 2 medlemmer til å signere protokoll 

 4. Godkjenning av innkalling 

5. Godkjenning av saksliste 

6. Godkjenning av årsmelding 

 7. Godkjenning av rekneskap 2017 og budsjett 2018

8. Val 

9. Diverse

Saker til diverse må meldes til dagjarlea@yahoo.no.



Hovdebygda langrennsløparar på minst 3 arenaer denne helga. Stordal - Eidsdal - Tua (Stigedalen) , Eid

Postet av Hovdebygda IL den 26. Jan 2018

Bilde frå ein felles start i Osmarka forrige helg.

Denne helga er det KM sprint på Stavsengfjellet i Stordal laurdag 27. jan.  -  KM klassisk i Eidsdal, søndag 28. jan. -  og KM SkiCross på laurdag  og KM klasssik på søndag (Sogn og Fjordane) på Tua (Stigedalen) Eid.

Arrangementet i KM i SkiCross vert avvikla som sprint med prolog og finaleheat (A, B, C finale etc.). Element i skicrossløypa er; dosering (sving), ryggeport, slalåm oppover og nedover.



Fantastiske Bondalseidet. Ei fin skiveke og eit veldig bra skirenn torsdag kveld.

Postet av Hovdebygda IL den 26. Jan 2018

Arkivbilde.

Torsdag vart Sparebank1- cuprenn nr. 2 arrangert.

Neste og 3. cup-renn vert torsdag 15. februar til same tid.

Resultat 11. januar 2018

Resultat 25. januar 2018



Finaste vinteren og finaste løypene på mange år. Ei frivillig gåve. Alt går til løypearbeid.

Postet av Hovdebygda IL den 21. Jan 2018

Støtt løypene enten ved å betale frivillig årskontigent kr. 300.- til 3992.06.08365  eller ei frivillig gåve med å betale med Vipps til 503711.  Bondalseidet skiturlag ved Daniel Breivik og Guttorm Øye samarbeider med Ørsta skisenter for gode løyper.



Innbyding til felles langrennstur 20. til 21. januar

Postet av Hovdebygda IL den 10. Jan 2018

Hans Olav Sætre melder på Facebook:     Overnattingstur/skirenn 20.01-21.01: Laurdag 20.01 er det sbm-cup i Osmarka og søndag 21.01 sbm-cup på Åndalsnes. På haustmøtet snakka arrangørane, av skirennet i Osmarka, om at dei ville lage til eit sosialt arrangement på kvelden med middag og overnatting. Eg har ikkje høyrt noko meir. Derfor har eg sjekka om Herje camping på Åfarnes har ledige hytter. Det har dei.(Det er der vi har overnatta før). Med tanke på skirennet dagen etter på Åndalsnes er det kanskje også eit betre alternativ enn å overnatte i nærheita av Osmarka. Kom gjerne med synspunkt.

Vi håper at mange vil vere med på sosial klubbtur med skirenn og overnatting. Gje beskjed til Hans Olav Sætre om du vil vere med på turen innan søndag 14.01 og kor mange dokke vert



Adrain Flote M17 og Vegard Røyrhus M19-20 greidde sine beste resultat i langrenn nokon gong under Norgescupen i langrenn på Beitostølen på søndag 7. januar.

Postet av Hovdebygda IL den 2. Jan 2018

Arkivbilde av Adrian Flote frå sesongen 2017.

Resultat frå Norgescupen på Beitostølen

Adrian Flote og Vegard Røyrhus er HIL sine deltakarar når Norgescupen startar fredag 5. januar.

Adrian er første års junior og debuterer i Norges cupen.  Vegard Røyrhus er inne i sin 4. sesong i juniorklasse 19-20 år.

Vegard Røyrhus vart nr. 32 i klasse M 19-20 og Adrian Flote nr. 68 i klasse M17 i skøyting på søndag 7. januar.

Vi ønskjer begge lykke til.



Skirenn nr. 2 - Sparebank1-cup - torsdag 25. januar på Bondalseidet. Alle kan delta i alle aldrar. NYTT: kan melde seg på "open klasse utan tidtaking". Sjå teksta.

Postet av Hovdebygda IL den 1. Jan 2018

Sparebank1-cupen – torsdag 11. januar + torsdag 25. januar + torsdag 15. februar + søndag 4. mars + torsdag 22. mars.    5 renn totalt.   Stad: Langrennstadion på Bondalseidet.

I samanlagt premieringa tel alle 5 renna.  Vi minner om at alder på skirenn er det året ein fyller i 2018.


Stilart: Klassisk.

NYTT:    På dette rennet blir det og mogeleg å gå i "open klasse utan tidtaking". Du kan då ta tida sjølv og samanlikne deg med dei som går på tid om du vil. Minner om at raskaste veg til stadion er å gå ned til Sportskapellet og sti der i frå rett ned på stadion. Vel møtt gamle og nye! (Må delta i minst 4 renn for å få største premie så framleis mogeleg å få denne sjølv om du ikkje fekk med deg første renn)

 

Påmelding kl. 17.30 til 18.00  i Tidtakarbuda på langrennstadion.

Dei som er 7 år og under startar kl. 18.15 (kort og lett løype, passar godt for ein nybegynnar) 

Dei som er 7 år og eldre vert med på starten frå kl. 18.30. (løype etter alder) 

Vi nyttar 1 km løype for alle dei som skal gå opp til 3 km. Dei som er 15 år og eldre skal gå 5 km løypa.

Startkontigent kr. 50 pr. renn. 



Neste skirenn er Ullsrennet laurdag 6. januar - Skøyting/ søndag 7. januar - Stafett.

Postet av Hovdebygda IL den 1. Jan 2018

Dag Jarler Aa melder på Facebook: 

Til helga er det renn på Ullsheim (Stryn) laurdag og stafett på søndag. Kortreist og kjekt renn for alle. Fint om dei som vil gå stafett søndag seier i frå om dette på tysdag så trenarane kan sette opp lag og melde på.

Påmelding - informasjon om Ullsrennet og stafett