TRENINGSSAMLING PÅ ULLSHEIM 21.-22.10.2017

Postet av Hovdebygda IL den 29. Sep 2017

Bilde teke utanfor klubbhuset, der vi har det fint med mat, kjekke ting og søv.

Innbyding Ullsheim 2017.docx

Hovdebygda il langrenn inviterer alle langrennsløparar i klubben til treningssamling på Ullsheim i Stryn. Vi har leigd klubbhuset og rulleskiløypa. Samlinga er open for alle frå 6 år -18 år. Alle under 10 år må ha med foreldre. Hovdebygda il langrenn stiller med trenarar og mat til alle måltid. Betaling: Kr 200,- Inkluderer alle måltid, bading i Stryn, leige av klubbhus og rulleskiløype. Påmelding: Til hasaetre@online.no innan onsdag 18.10.



Ny kleskolleksjon - ta kontakt med Bjørnar seinast søndag 8. oktober.

Postet av Hovdebygda IL den 26. Sep 2017



Sjå også på Facebook.

Dei nye kleda vert levert av Trimtex og vi kjem til å ha same design ein del år framover. For at flest mulig skal bestille allereide i år, so tilbyr vi ein ekstra god pris no. Overtrekksdress barn (jakke og bukse) kr. 400,-. Og overtrekksdress voksen (jakke og bukse) kr.700,-. I tillegg er det mulig å bestille konkurransedress , dette er same dress som vi har hatt dei siste 3 sesongane. Sjå vedlagt bilde av overtrekksdressen. Kleda vert levert i månadsskiftet nov/des. Ei stor takk til Norhus, Berg Hansen og Sport 1 Ørsta som har øyremerka støtte til overtrekksdressane.



Møre og Romsdal Skikrets ønskjer å invitere til eit «Klubb-møte» ved klubbhuset til Hovdebygda IL

Postet av Hovdebygda IL den 25. Sep 2017

Torsdag 26.10. kl. 1800 - 2000

Invitasjonen går til klubber i skikretsen (spesielt i Ørsta/ Volda-regionen)  - og til skigrupper i alle grenene våre. Still gjerne med flere representanter fra din klubb/ skigruppe – gren.     Agendaen for møtet er å informere om, og skape gode diskusjoner vedr. Skiforbundets nye modell for utvikling av skiutøvere/ skirenn/ skianlegge mm. (SUM-modellen)

«Hvordan vi kan gjøre tilbudene våre innen trening og skirenn enda bedre,–og fenge enda flere i alle aldre J».

     Fra Skikretsen møter Nestleder Anniken Hjellbakk Hole, og undertegnede.

    Ber om tilbakemelding om hvem som kan møte, innen 16 oktober. (mandag etter høstferien)

(Spre gjerne invitasjonen til flere i din klubb/ gren)

    Med vennlig hilsen

  Møre og Romsdal Skikrets

Stig Aambø, adm.sjef

Tlf: 99 50 97 92



Håvard Sætre gjekk opp Trollstigen til 2. plass i klasse 14 år i det nasjonale rennet på rulleski.

Postet av Hovdebygda IL den 17. Sep 2017

Arkivbilde frå Ørstastafetten.

Veldig sterkt rulleskirenn av Håvard Sætre, berre slegen av Linus Engdahl frå Torvikbukt IL

og berre 8 sek bak vinnaren etter å ha staka og gått diagonal opp siste 5 km av Trollstigen. Gratulerer.

Resultatliste




HAUSTDUGNAD BONDALSEIDET!

Postet av Hovdebygda IL den 10. Sep 2017

HAUSTDUGNAD BONDALSEIDET! Sjå vedlagt dugnadsliste for hausten 2017.

Dugnad

I år fokuserar vi mykje på utbedring av løypetrasear slik at vi kan klare oss med lite snø. Grøfting, stikkrenner og flislegging av trasear der vi fokuserer på langrensstadion og tilkomsttrase.

Det er alt utført mykje arbeid: Rydding av tred og buskar langs langrennstadion, grøfterensk med gravemaskin, nye grøfter er gravd opp, nye stikkrenner/rør  er lagt ned med stor dimmensjon, lyspærer er skifta.

Det som står igjen er rydding av tred og buskar omkring bygningane, rep. av stadion gjerdet, maling av gapahuk, rulle ut duk og legge flis og grus. Installasjon av lys og kontakter i Gapahuken/smørebuda og montering av lyskastarar på gapahuken.

Vi håper at det vert mykje godt ver og at vi er i mål i løpet av oktober. Og då vil vi merke det i vinter at vi kan gå på ski med lite snølag og at vi har betre fasilitetar.  Vi kan gjerne invitere barnehagar og skuleklasser til langrennstadion.



Tysdag 5. september startar treningane for eldste gruppe. Dvs dei som er født 2005 og eldre.

Postet av Hovdebygda IL den 4. Sep 2017

Arkivbilde frå då vi trena i lag med Ingvild Flugstad Østberg.

Planen no i starten er rulleski tysdagar kl. 17.30-1845 og styrke/ spenst torsdagar kl. 19-20 i gymsalen på Hovden skule. Oppmøte tysdag 5. september: Steinfyllinga mellom Selbervik og Sørheim   Skøyting - balanse, teknikk, hurtighet. Dei som er yngre startar opp etter haustferien. Info vil bli lagt ut her og på Facebook. Vel møtt!



1. rennet i Sparebank1 rulleskicup med god deltaking og strålande haustver. No med resultat.

Postet av Hovdebygda IL den 3. Sep 2017

Bildet viser start nr. 1 Runar Gretland i seniorklassa og dei 2 startarane Arne Thomas Haram og Dag Jarle Aa. Vidare ser vi i bakgrunnen langrennsløparar som gjer seg klar til start.

Resultat

Rennet som vart arrangert på Ullsheim, Markane i Stryn, var det 1. rennet av 3 som Hovdebygda IL arrangerer denne hausten.

Denne gongen var det duathlon for dei som går i 13 års klassa og eldre. Skøyting for dei som er yngre.