Syver Hovdenakk er gått bort

Postet av Hovdebygda IL den 24. Aug 2017

Arkivbilde av Syver under skirenn på Bondalseidet.

Vi mottok ei trist melding i dag, Syver Hovdenakk fra Ørsta IL er død. Syver la ned ein svært stor og imponerende innsats for langrennsporten både i Ørsta-området og for heile skikretsen. Syver var mellom anna Leier av Skikretsens Langrennskomitè og Anleggskomitè. Han mottok også "NSF`s Ildsjelpris" i 2006.

For Hovdebygda IL langrenn har han gjordt ein betydeleg innsats i samband med dei årlege krinsrenn/KM/landsrenna som har vore arrangert på Bondalseidet og ikkje minst innsatsen for å halde vedlike langrennsløypene og løypa til Åmskaret.



Jørgen, Håvard, Nathalie og Emilie deltek i helga på årets andre samling med Storfjordlangrenn i Valldal.

Postet av Hovdebygda IL den 20. Aug 2017

Jørgen, Håvard, Nathalie og Emilie deltek i helga på årets andre samling med Storfjordlangrenn i Valldal.

Variert trening, rulleski, hutigheit og spenst, intervalltrening og økter med bowling og kortspel innimellom treningane.

Søndag 20. er samlinga open også for yngre langrennsløparar.



Sparebank1 rulleski-cup. Hovdebygda IL langrenn arrangerer i rulleskiløypa på Ullsheim. HIL ønskjer langrennsløparar velkomen

Postet av Hovdebygda IL den 18. Aug 2017

arkivbilde frå Sparebank1-rulleskicup 2016.

Innbyding

Då er det snart tid for årets første renn i Hovdebygda IL langrenn sin rulleskicup. I år blir alle renn arrangert i rulleskiløypa på Ullsheim. Rulleskicupen består i år som i fjor av 3 renn. Om det ikkje passar med alle datoane går det heilt fint å delta i kun eitt eller to av renna. Renna vil som tidlegare ha ein uhøgtidleg profil (ei god  treningsøkt /treningsrenn), vi krever ingen startkontingent og renna er opne for alle frå 7 år og eldre. Dei yngste går ei ganske flat runde på ca 500m, dei som er eldre går ca same distanse som dei skal gå på skirenna komande vinter. 

Datoar for årets renn blir: 
- Renn 1: søndag 3.september
- Renn 2: søndag 24.september
- Renn 3: søndag 22.oktober

Renn 1 blir arrangert i Duathlon for 13 år og eldre. 7-12 år går fristil. Dersom nokre av dei eldre kun vil gå fristil går det fint :) 
Renn 2: Fristil, distanserenn, enkeltstart
Renn 3: Fristil, distanserenn, enkeltstart

Renn 1 blir arrangert i samband med Storfjord langrenn si samling på Ullsheim. (Storfjord langrenn er eit treningssamarbeid for 13-16 åringar for klubbane i Møre og Romsdal sør for Molde). Dette rennet vil difor ha start for dei eldste (13 år/ f.2005 og eldre) ca kl 09.30 for at det skal passe inn i samlingsplanen deira. 12 og og yngre vil starte etter at dei eldste er ferdige. Meir detaljert innbyding med starttidspunkt og distansar vil bli sendt ut seinare.


Påmelding til renn 1: innan torsdag 31.8 kl 23.59 til dagjarlea@yahoo.no

Vel møtt!



– Her kan alle vere med – Alle som går med ein liten draum om å delta på triathlon har sjansen no!

Postet av Hovdebygda IL den 18. Aug 2017

Arkivbilde lånt frå Møre nytt.

Jan Tore Bjerkvik og Narve Yksnøy inviterer til testløp for Berkneset Triathlon.

Startdatoen for løpet er 26. august.

 Dette er eit overkomeleg løp for alle, forsikrar dei to.

Det er Lid idrettslag som står som offisiell arrangør, der Jan Tore Bjerkvik er leiar. Saman med Narve Yksnøy starta dei triathlonet i fjor.

– Vi møttest på ein fjelltur og kom raskt i prat om at dette hadde vore noko å satse på. Det finst ikkje tilsvarande i området, og eg har alltid hatt lyst til å vere med på noko slikt, fortel Yksnøy.

Dermed vart Berkneset triathlon ein realitet.

Løypa er på totalt 22 kilometer med ei høgdeforskjell på 446 meter. 16 kilometer er sykling, fem kilometer er jogging, eller springing, og resten er symjing i Hovdevatnet.



"Storfjordlangrenn skal ha samling i Valldal 18.-20. august med 4 frå HIL langrenn

Postet av Hovdebygda IL den 12. Aug 2017

Arkivbilde frå samling før ferien.

Vi har fått invitasjon om å bli med på samling for 2006-2008 modellane i Valldal 20.8. Send meg ei melding om du vil bli med så sender eg innbydinga på mail. Fin start på sesongen og god mogelegheit til å bli kjent med nye frå andre klubbar

"Storfjordlangrenn skal ha samling i Valldal 18.-20. august, og Valldal IL inviterer i den forbindelse til miljøsamling for jenter og gutar fødd 2006-2007-2008 søndag 20. august
Det blir to økter og innlagt lunsj, og ikkje minst sosialt!

Ta kontakt med Dag Jarle Aa.




Velkomen på trening med Hovdebygda langrenn Ungdom/Veteran Sesongen 2017-18

Postet av Hovdebygda IL den 8. Aug 2017

Nokre frå treningsgjengen.

TRENINGSPLAN

Våre fellestreningar  
Mandagar (styrketrening) Styrketrening på Hovden Skule kl.19:00-20:00. Oppmøte kl.18:45 (ved inngangen til gymsalen) vi tek alltid ein kjapp løpetur utandørs som oppvarming før styrke. Vi trenar generell styrke med fokus på kjernemuskulatur. Første trening er mandag 28.august og vi held på fram til jul.   


Onsdagar (intervalltrening) Intervalltrening i området rundt Hovdeåsane. Oppmøte kl.19:30 ved Hovden Møbel. Vi køyrer ulike intervalltypar kvar gong som til dømes 5x4min, 5x5min, 10x1min, 6x3min 5x1000m. Denne treninga køyrer vi året rundt, og til vinteren er det intervall på ski.   


Kven kan delta? Alle kan delta og det er ikkje krav til treningskontigent! Vi ønsker alle velkomen, og spesielt tilsette hos våre sponsorar. Onsdagstreninga har so langt vore ei rein herretrening, men på mandagstreninga deltek begge kjønn. Treningane passar for dei som har trent litt og likar å presse seg:) Treningsgruppa tel i dag ca. 10-15 personar i alderen 16-60år.   


Endringar på oppmøtestad I løpet av hausten kan oppmøtestad endre seg for onsdagstreninga. Dette vil bli kommunisert seinast kl.13:00 same dag på Hovdebygda langrenn si facebook side; «Hovdebygda IL skigruppe, medlemsgruppe».  
Kontaktperson Bjørnar Øye mob. 90780306 mail. bjornar.oye@gmail.com



Vegard Røyrhus med veldig god tid i Saudehornet rett opp. Best av HIL deltakarane.

Postet av Hovdebygda IL den 5. Aug 2017

Resultat:    http://live.eqtiming.no/37495?...

Vegard i Skålavegen.

Hans Olav og Håvard Sætre.