Gåvesjekk frå Sparebank1 Søre Sunnmøre til Åmskarløypa

Postet av Hovdebygda IL den 28. Jun 2017

Under ei tilstelling på hotell Ivar Aasen tysdag kveld vart Åmskarets venner tildelt kr. 75 000.- som ein del av fullføringa av turveg/skiløype frå lysløypa på Bondalseidet til Åmskaret. Leiar i Åmskarets venner, Svein Silseth, tok i mot sjekken.

Frå før er det grøfta og lagt ei mengde stikkrenner i alle bekkar som ein kryssar, pluss mange fleire. Planen vidare er slik det har vorte planlagt og fortalt til alle grunneigarar i grunneigarmøter. Det skal leggast vegduk, berelagt og grus slik at det på barmark skal vere fint å gå og sykle, og om vinteren skal det vere råd å preppe med lite snø. Leiar i Åmskarets venner Svein Silseth, tok i mot sjekken.



1. samling i Storfjordlangrenn

Postet av Hovdebygda IL den 25. Jun 2017

Emilie, Nathalie, Håvard og Jørgen deltek i helga på samling med Storfjordlangrenn i Tomrefjord. Dette er første av 6 samlingar før sesongstart i desember. Årets Stordfjord-lag består av ca 20 løparar frå klubbane sør for Molde i alderen 12-15 år (13-16 komande sesong) På samlinga i Tomrefjord har dei fått gode økter på barmark, klassisk og skøyting på rulleski før samlinga vert avslutta med terrengløpet Svartløken-rundt i dag. I tillegg vert det lagt opp til litt treningsteori og mange sosiale aktivitetar mellom øktene



Adrian Flote og Vegard Røyrhus på Kretslaget i langrenn

Postet av Hovdebygda IL den 18. Jun 2017

Trenarane er Jan Erik Westerås og Pål bjørn Øvrebust. Kretslaget har hatt ei 1dags samling i Molde og ei samling i Stordal til no i år. Neste samling er på Sognefjellet i slutten av Juni, starten av juli. Etter det er det 3 barmarksammlingar igjen og 2 snø samlinger.



4 frå Hovdebygda IL: Emilie, Nathalie, Jørgen og Håvard skal vere med i samlingssamarbeidet Storfjordlangrenn

Postet av Hovdebygda IL den 18. Jun 2017

Storfjordlangrenn 2017-18: ca 20 løparar er med i år. Alder: f. 2002-2005. 6 samlingar frå juni- desember. 4 på barmark og dei to siste på snø på Dombås og Bjorli i midten og slutten av nobember. Trenarar i år: Lars Anders Hoel og Hans Martin Gjedrem.



Ørsta fjellmaraton, laurdag 24. juni.

Postet av Hovdebygda IL den 17. Jun 2017

I samarbeid med gode hjelparar vert det ein drikkestasjon ved Mosetra (halveis i runda), men ellers må deltakarane vere sjølvforsynte med mat og drikke undervegs. Ein finner fleire gode vasskjelder langs løypa.

Arrangøren vil stille med drikke og digg ved runding/mål (Cola, seigmenn, kjekks, vann, saft).

For dei som skal springe heilmaraton så anbefalar vi å ha ein sekk med mat og drikke ved start/mål/runding, slik dykk kan fylle opp sekken halvvegs, eventuelt bytte litt kle og sko. Når ein kjem til runding snur vi retning og spring runde to motsett vei. Dette gjer vi for at deltakarane skal møte på kvarandre og gjere løpet meir sosialt. Vi har helse og heieplikt når du møter andre deltakarar!

Les om Ørsta fjellmaraton og korleis du kan melde deg på



Veldig godt løp av Johnny Riise i Birkebeinerløpet. Ikkje langt bak på lista finn vi Bjørnar Øye og Dan Børge Saure. Men som vanleg var det Bjørn Ole Vassbotn frå Volda som var best av dei lokale.

Postet av Hovdebygda IL den 8. Jun 2017

Johnny og Bjørnar i pulje 1


Uoffisielle resultat for lokale løparar frå live-timing, www.Birken.no


Bjørn Ole Vassbotn Volda 1,21,56

Johnny Riise Hovdebygda 1,24,37

Cato Ryste Volda 1,25,36

Bjørnar Øye Hovdebygda 1,28,18

Dan Børge Saure Bjørke 1,29,11

Stian Nedrelid Volda 1,31,11

Martin Hovden Hovdebygda 1,32,16

Jan-Ove Juliebø Ørsta 1,33,23

Runar Gretland Hovdebygda 1,33,41

Pål Røe Hovdebygda 1,35,05

Dag Jarle Aa Hovdebygda 1,38,18

Arild Bjørdal Ørsta 1,40,49

Arild Stokke Ørsta 1,46,09

Per Sigvald Hoggen Volda 1,46,16

Jarle Sandbakk Ørsta 1,48,30

Dette er alle som var kome i mål med tid under 1,50 og med søk på Volda, Hovdebygda, Ørsta og etternamn.

Sende gjerne ei tekstmelding til 90750535, dersom nokon er gløymd.


Eit av sommarens største løpsarrangement er Birkebeinerløpet på Lillehammer.



HIL langrenn kjem til å ha nokre treningar /fjellturar o.l av og til for dei som har lyst utover sommaren

Postet av Hovdebygda IL den 4. Jun 2017

Arkivbilde frå Stordal samlinga 2016

12-13 år (05/04): Det blir ikkje oppstart av faste treningar før etter sommarferien. Kjem då med info om treningstider og gruppeinndelingar, samlingar og rulleskirenn for haustsesongen.

No er dei fleste aktive i andre idrettar, men vi kjem til å ha nokre treningar /fjellturar o.l av og til for dei som har lyst utover sommaren. Ingen faste dagar eller tider, legg ut her etterkvart så kan den som har tid/ lyst kome når det passar. Ikkje nødvendig å seie i frå om ein kjem eller ikkje, legg opp til treningar som ein kan gjennomføre enten det er 2 eller 20 som møter😊

Første trening blir i morgon, mandag 5/6. Oppmøte kl. 12.00 i Selbervika. Ca 40 min rulleski (skøyting) og 40 min jogging. Husk refleksvest, hjelm og joggesko!