Gapahuken snart ferdig. Ei klasse frå Ørsta vgs, bygg-linja utfører arbeidet under leiing av Norangshol. Oppdatert med nye bilder.

Postet av Hovdebygda IL den 31. Mai 2017

Fin oversikt for dei som sit i gapahuken. Her kan ein ta ein pause, vente på sin tur eller berre følgje med på det som skjer på langrennstadion.




starta å sende ut medlemskontigent for Hovdebygda IL, 2017

Postet av Hovdebygda IL den 28. Mai 2017

Har no starta å sende ut medlemskontigent for 2017. (Kontigentet gjeld for å være medlem i HIL) Til info så har nokon fått SMS der det står medlemskontigen...t 2016 men det er feil, skulle stått 2017. Ellers så kan nok dei fleste oppleve atter ein gong at dei får fleire mailar enn dei skal, gjerne ein per familiemedlem. Betal ein faktura og slett dei andre. Om begge foreldra er registrert så får begge mailar. Kontakt leiar Caroline Rudi på leiar.hil@outlook.com om du har spørsmål



Løp som passar for dei som trenar for langrenn

Postet av Hovdebygda IL den 21. Mai 2017

Arkivbildet frå eit av dei aktuelle løpa "Hellesyltløpet"



Håvard Sætre vart vinnar av kortløypa i Follestaddalen rundt.

Postet av Hovdebygda IL den 21. Mai 2017

Resultatliste henta frå kondis.no, der finn du fleire bilder.

Resultat frå kondis.no



Minner om onsdagstreninga, frammøte ved Hovden Møbel kl. 19.30. Treninga som går uansett tid på året og i allslags ver og i feriar.

Postet av Hovdebygda IL den 21. Mai 2017


Variert intervalltrening med forskjellig innhald frå gong til gong. Berre å møte fram, ingen treningskontigent eller medlemskap, du treng berre joggesko og passelege treningskleder. Treninga vert dei fleste onsdagane leia av Bjørnar Øye.


Ta gjerne kontakt med Bjørnar om du har lyst å delta på treninga, 90780503, han sender gjerne påminning SMS om dagens trening.



​HIL langrenn stiller i folketoget i Ørsta 17.mai

Postet av Hovdebygda IL den 16. Mai 2017


HIL langrenn stiller som vanleg i folketoget i Ørsta 17.mai. Oppstilling kl.14.45. Kom gjerne med rulleski den som har og den raude HIL-jakka



Resultat frå O-løp i Hovdebygda 11. mai.

Postet av Hovdebygda IL den 13. Mai 2017

Ca 50 løparar deltok på Hovdebygda sitt orienteringsløp i Hovdeåsen i går kveld. Dei fleste frå Markane IL, men og mange frå Hovdebygda, Ørsta og Volda.

Resultat o-løp 11.05.pdf



10 av Hovdebygda IL langrenn sine løparar over 10 år var med på sommartrening med Ingvild Flugstad Østberg, der 70 barn og ungdom deltok.

Postet av Hovdebygda IL den 10. Mai 2017

Bildet er teke midt i treningsøkta der både Hovdebygda IL langrenn og Volda langrenn og skiskyting var representert.



nær-o-løp torsdag 11.mai - Frammøte: Aasen-tunet i Hovdebygda

Postet av Hovdebygda IL den 6. Mai 2017

Innbyding til orienteringsløp torsdag 11.5 i Hovdebygda:

Hovdebygda IL langrenn innbyr til sesongens tredje nær-o-løp torsdag 11.mai. Løpet er 3.løp i orienteringscupen i Nordfjord.

Frammøte: Aasen-tunet i Hovdebygda. Merka frå E39 mellom Ørsta og Volda ...
Start: Frå klokka 18.00
Løyper: ca 1.5 km Nybyrjar-løype, ca 2,5 km C-løype (vidarekomen) ca 3 km A-kort (ekspert), ca 5 km A-lang (ekspert).
Deltakaravgift: T.o.m 16 år: kr 20,- F.o.m. 17 år: kr 40,- Kontant eller Vipps til: 97185183

Det vert ikkje nytta EKT, men klippetenger og manuell tidtaking.

Velkomne til Nær-o-løp i Hovdebygda!



Onsdag 10. mai kl. 16, Ulsteinvik, ved Sparebank1: Bli med på basistrening med olympisk meister - Ingvild Flugstad Østberg!

Postet av Hovdebygda IL den 3. Mai 2017

Bli med på basistrening med olympisk meister - Ingvild Flugstad Østberg! Treningsøkta er for 10år og eldre. Dette blir ei artig økt der borna får utfordra både spenst, hurtigheit og styrke. Treninga foregår på beina. Det er og høve til å stille spørsmål, få autograf ta selfie:)
Sjå vedlagt invitasjon.

Velkomen alle saman!

Basistrening med Ingvild Flugstad Østberg.pdf