Gateløp tysdag 2. mai

Postet av Hovdebygda IL den 27. Apr 2017



HIL langrennsløparar som hevdar seg godt i fylkesfinalen på 600 m løp i skulecupen

Postet av Hovdebygda IL den 26. Apr 2017

Jørgen og Luckas frå Hil langrenn slo til med 1. og 2. plass på 600m i fylkesfinalen i skulecupen i Molde.

Nathalie vart nummer 3 i sitt heat og 7 samanlagt i klassa for 7.klassingar. I denne klassa vart det siger til Hedda J Schreijer frå Stranda som pleier å vere med HIL på samlingar og rulleskirenn

Neste mogelegheit for 600m-løp er gateløpet til Ørsta friidrett 2.5. og Sparebank 1 -leikane på Ørsta stadion 21.5.



Orienterings-løp i Hovdebygda 11. mai.

Postet av Hovdebygda IL den 23. Apr 2017

HIL langrenn og Dag Jarle Aa ønskjer velkomen til o-løp i Hovdebygda 11. mai. Dette er ein del av nær O-løp karusellen for Nordfjord.

Les meir om dette:

Aktivitetsplan orientering 2017.pdf



Marknad på "Ervingen" laurdag 22. april kl. 13.30. Premieutdeling kl. 16. Tombola og loddsalg.

Postet av Hovdebygda IL den 18. Apr 2017

Arkivbilde frå premieutdelinga på marknaden 2016.



Onsdagstreninga kvar onsdag året rundt.

Postet av Hovdebygda IL den 13. Apr 2017

Arkivbilde frå ei trening i fjor.

Framover våren , sommaren vert onsdagstreninga einaste organiserte treningstilbodet. Onsdagstreninga er for alle uansett om du høyrer til HIl eller andre lag.

Ingen treningskontigent eller forpliktelsar.

Sommar/haust 2016 auka deltakinga og det vart ein fin treningsgjeng. Alder frå 14 år og inga grense oppover.

Vanleg frammøte plass er Hovden Møbel kl. 19.30. Det vert litt forskjellig trening frå gong til gong, men hovedmålet er "kom i form trening". Ta eventuellt kontakt med Bjørnar 907 80 306.



Adrian Flote nr. 3 i Holmøyskarrennet

Postet av Hovdebygda IL den 9. Apr 2017

Adrian Flote vart nr. 3 i klasse 15/16 år i Holmøyskarrennet. Årets renn vart flytta til ei rundløypa med start på Ullsheim, vidare over fjellet mot Stryn vinterski og tilbake til mål på Ullsheim. Adrian har ved fleire høve prestert veldig godt denne vinteren, mellom anna på Hovedlandsrennet (NM for 15-16 år). Rennet gjekk i klassisk stil.

Vegard Røyrhus kom inn til 5. plass i klasse 17-20 år.

Dan Børge Saure vart nr. 4 i klasse 21-35 år

Geir Flote vart nr. 7 i klasse 46-55 år.



Sparebank1-cupen vart avslutta med hinderløp.

Postet av Hovdebygda IL den 7. Apr 2017

Bilder kjem.

Cupen, treningane og skisesongen vart avslutta torsdag kveld med hinderløype og hinderstafett.

Dag med mannskap laga til ein veldig kjekke kveld ved Hovden skule. Sportsleg innsats i hinderløypa og servering av grillmat og drikke til slutt.

No vert det pause fram til rulleskisesongen startar etter ferien for dei eldste og rulleski-cup i september/oktober/november. Treningane kjem i gang i september/oktober først for dei eldste og etter haustferien for dei yngste. mykje å gle seg til for alle frå 6-7 år og oppover.




Håvard Sætre nr. 3 i G13, Nathalie Vatne Aa nr. 3 i J13 og Vegard Røyrhus nr. 1 G19-20 i Kretscupavslutninga.

Postet av Hovdebygda IL den 2. Apr 2017

Vegard Røyrhus vann sesongavslutninga i Molde i dag i G19-20. Med dette vann han og krinscupen Sparebanken Møre-cup samanlagt.

HIL langrenn gratulerer!

I tillegg avslutta Adrian sesongen med ein 5. plass i G16, Håvard med 3.plass i G 13 og Nathalie med 3. i J 13. Desse gjekk alle fellesstart i fristil. Frå 12 og yngre konkurrerte dei i langrennscross. Her gjekk Jørgen fort i G12 og Mia i J 10.

Resultatliste: Resultatliste Molde010417.pdf