Torsdag 6.4 avsluttar vi sesongen med 4. og siste "renn" i Sparebank 1-cupen. I staden for skirenn blir ei "hinderløype" Gratis å delta.

Postet av Hovdebygda IL den 27. Mar 2017

Torsdag 6.4 avsluttar vi sesongen med 4. og siste "renn" i Sparebank 1-cupen. I staden for skirenn blir ei "hinderløype" der det kan vere like lurt å ha litt flaks som best form😊 Start og mål ved grusbana ved Hovden skule. Påmelding før kl.18.00, første start kl. 1830. For alle under 10 år blir det individuelt løp med enkeltstart. Frå 10 år og eldre blir det 2-mannstafett. Felles gjennomgang av løypa kl. 18.15. Dersom veret blir ok, blir det grilling av pølser etterpå. HIL langrenn stiller med pølser&brød. Med dette avsluttar vi og årets treningssesong



Nathalie Vatne Aa vart krinsmeister i klassisk under KM på Bjorli.

Postet av Hovdebygda IL den 26. Mar 2017

Bildet er frå då Nathalie deltok i Ungdommens Holmenkollrenn tidlegare i vinter.

Grattis til HIL sin nybakte kretsmester🎉 Nathalie slo til og med alle 14 åringene i dagens fellesstart på Bjorli!

Det vart KM sylv til Adrian Flote i G16. Imponerande og berre slegen av Mikkel W Gautvik frå Molde.



Skihelg på Molde 1. og 2. april.

Postet av Hovdebygda IL den 24. Mar 2017

SkiTour Molde 01.-02.04. Laurdag: Langrennscross-fristil 0-12 år. Sprint fristil 13+. Søndag: Intervallstart fristil 0-12 år. Jaktstart fristil normaldistanse 13+. Overnattingstur og skirenn for Hovdebygda langrenn. Vi planlegg med leige av hytter på Kviltorp camping i Molde og overnatting frå laurdag til søndag. Det vert ei kjekk avslutningshelg. Flott viss mange vert med ! Gje tilbakemelding i kommentar på Facebook viss du vil overnatte, og underteikna bestiller hytter !



Volda inviterer alle frå HIL til å gå Voldameisterskapet på Reset komande søndag.

Postet av Hovdebygda IL den 24. Mar 2017

VOLDAMEISTERSKAPEN LANGRENN

VOLDAMEISTERSKAPEN LANGRENN

Sundag 26. mars kl 1300

Førstkomande sundag 26. mars kl 13:00 er det Voldameisterskap i langrenn.

Voldameisterskapen er for alle, uansett alder. Me ynskjer å samle alle skiløparane i området til ein fin konkurranse og ein triveleg familiedag på Reset.
Da det i vinter diverre har gått bort nokre renn grunna snømangel i distriktet, vel VTI i år å by inn også grannekommunane til VM, som eit ekstra sonerenn.

Voldameisterskapen er for alle, uansett alder.
Born fødde frå og med 2009 (8 års-klassa og under) går omlag 800m utan tidtaking.
9-12-årsklassene går 1,5km. (9-10 åringane har tid i resultatlistene men rangerast ikkje.)
13-14-årsklassene går 2,5km
15-16-årsklassene går 4km
Frå og med 17 år, junior og senior går 8km (kvinner) og 10km (menn)

I år vert Voldameisterskapen langrenn arrangert i klassisk stil.

Kiosk med vafler og pølser med meir høyrer med. (Kort, kontant eller mCash)

Påmelding via epost: skirenn@vti-ski.no Gje opp namn, kjønn, fødselsår og idrettslag. Påmeldingsfrist fredag kl. 20:00

Startkontingent: kr. 100,- (kort, kontant eller mCash) ved nummerutdeling

I VM er det premiering til alle og vandrepokal til beste Voldaløpar i kvinne- og herreklassa.

Rennleiar Jonas Reitan 974 86 156




2. plass til Nathalie Vatne Aa i klasse J13 og Vegard Røyrhus i G19-20 år

Postet av Hovdebygda IL den 19. Mar 2017

Vegard gjekk 20 km skøyting og Nathalie 5 km skøyting. Torvikbukt IL var arrangør i Osmarka sine løyper.



Birken 2017: Hovdebygda IL langrenn har med 3 deltakarar + Bjørkes Dan Børge Saure som trenar i lag med oss.!!

Postet av Hovdebygda IL den 18. Mar 2017

Oppdaterast etter kvart:

Johnny Saure Riise 3,04,44

Dan Børge Saure 3,07,20

Runar Gretland 3,12,30

Pål Røe



Kjekt med skirenn. God innsats av VTI langrenn og skiskyting som fekk til renn med lite snø og mildver.

Postet av Hovdebygda IL den 12. Mar 2017

Hovdebygda IL langrenn stilte med om lag 20 deltakarar på Sonerennet i Volda søndag 12. mars.

Trass i lite snø og mildver vart det eit veldig bra skirenn i fristil.

Resultatliste_sonerenn Volda mars 2017.pdf



Vegard Røyrhus er HIL langrenn sin deltakar under junior NM i Kilbotn ved Harstad.

Postet av Hovdebygda IL den 9. Mar 2017

Vegard har oppnådd ei rekke gode resultat som junior løpar, mellom anna vunne krins cupen for Møre og Romsdal skikrets, Sparebanken Møre cup.

Han skal delta på skøyting individuell fredag. klassisk individuell på laurdag og stafett for M & R skikrets på søndag, før han set seg på flyet tilbake søndag ettermiddag. Lykke til.



Sonerenn på Reset, Volda skisenter 12. mars kl. 13 NB!!! Stilart er fristil.

Postet av Hovdebygda IL den 8. Mar 2017

Stilart vert fristil.

Innbyding Sonerenn Reset 12.3.17.pdf

Det kjem også annonse i Møre og Mørenytt.

Ta kontakt dersom spørsmål.

Mvh

Volda Langrenn og Skiskyting

Bjørn Ole Vassbotn

Tlf. 913 67 454



Skirenn 9. mars på Bondalseidet start og mål ved BARNESKITREKKET!! - SPRINT fristil - 3. rennet i sparebank1-cupen - alle klasser frå 5 år. Startkontigent kr. 50.-

Postet av Hovdebygda IL den 5. Mar 2017

Sparebank1-cupen – 19. januar-torsdag 2. mars+ torsdag 9. mars + torsdag 16. mars + sonerennet torsdag 23. mars. 5 renn totalt.

I samanlagt premieringa tel alle 5 renna. Nedre aldersgrense er 5 år. Vi minner om at alder på skirenn er det året ein fyller i 2017.

Torsdag 9. mars, start kl. 18.30, påmelding i tidtakarbuda VED BARNESKITREKKET seinast kl. 18.00, stilart er skøyting.

Dei som er 5-6 år kan starte når dei får startnummer. Dei som er 7 år og eldre vert med på starten frå kl. 18.30.

Løypekart spb1 cup 09032017.pdf






Rulla løyper til Åmskaret og slodda nedre del av lysløypa på Bondalseidet. . Ørsta skisenter køyrer og spor på Eitrefjell /Nottane.

Postet av Hovdebygda IL den 4. Mar 2017

Førerapport frå laurdag føremiddag: litt hardt i lysløypa. Harde spor, ok for skøyting. Fine forhold på Åmskaret. Ny, tørr snø når kjem litt forbi lysløypa.



Adrian Flote er Hovdebygda IL sin deltakar under Hovedlandsrennet (NM for 15/16 åringar) på Tolga i nord Østerdal

Postet av Hovdebygda IL den 1. Mar 2017

Adrian Flote er vår deltakar under Hovedlandsrennet på Tolga 3. til 5. mars. Nesten 1000 langrennsløparar frå heile landet i klassene 15 og 16 år er samla i Nord Østerdal for å konkurrere i klassisk, fristil og i stafett. HIL ønskjer Adrian lykke til