Skirenn på Bondalseidet torsdag 2. mars - 2. rennet i sparebank1-cupen SKØYTING

Postet av Hovdebygda IL den 27. Feb 2017

Sparebank1-cupen – 19. januar-torsdag 2. mars+ torsdag 9. mars + torsdag 16. mars + sonerennet torsdag 23. mars. 5 renn totalt.

I samanlagt premieringa tel alle 5 renna. Nedre aldersgrense er 5 år. Vi minner om at alder på skirenn er det året ein fyller i 2017.

Torsdag 2. mars, start kl. 18.30, påmelding i tidtakarbuda seinast kl. 18.00, stilart er skøyting.

Dei som er 5-6 år kan starte når dei får startnummer. Dei som er 7 år og eldre vert med på starten frå kl. 18.30.

Vi nyttar 1 km løype for alle dei som skal gå opp til 3 km. Dei som er 15 år og eldre skal gå 5 km løypa.



Årsmøte Hovdebygda IL, hovedstyret.

Postet av Hovdebygda IL den 21. Feb 2017

Sakliste:

1. Val av møteleiar
2. Val av skrivar
3. Val av to representantar til å skrive under protokollen
4. Godkjenning av innkalling
5. Godkjenning av sakliste
6. Godkjenning av årsmelding for 2016
7. Godkjenning av rekneskap for 2016
8. Godkjenning av budsjett for 2017
9. Val av styre, valnemnd, revisorar for 2017
Valnemnda legg fram si innstilling
10. Val av representantar til å representere HIL til Ørsta Idrettsråd sitt årsmøte onsdag 5. april 2017 kl. 19.00 i VD-hallen på Vartdal
11. Utmelding av Norges Friidrettsforbund
12. Prokura
13. Fakturareglar

Eventuelle andre årsmøtesaker må bli meldt til leiar.hil@outlook.com

Caroline Rudi



Endringar for rennet i Stordal laurdag 25. februar

Postet av Hovdebygda IL den 21. Feb 2017

Sparebanken Møre Cup 7 - RENNET ER FLYTTET TIL LANGSÆTRANE/OVERØYE. Stordal IL Langrenn og Liabygda IL har gleda av å invitere til Sparebanken Møre cup (7 - sprint fristil) og sonerenn (fristil). Renndagen er laurdag 25. februar 2017 kl. 12.30 på Langsætrane/Overøye. Start sonerenn, klasse 0-10 år er kl. 12.00. På grunn av lite snø på Stavsengfjellet, må vi flytte rennet til Langsætrane/Overøye. Kjør forbi alpinanlegget på Overøye. Parker etter 2 km på Pusken bru/bom ved enden av lysløypa. Parker på høyre side. P-automat. Gå over brua, 300 m til Startområdet. PS. Det er ikke varmestue eller toalett på rennområdet (toalett ved alpinanlegget). Påmeldingsfrist torsdag 23.2.

NB!! Innbyding SBM Cup 7-Sprint fristil 25.2.2017.pdf



Skirenn/overnattingstur i vinterferien 25.02-26.02

Postet av Hovdebygda IL den 19. Feb 2017


HIL langrenn inviterer til langrennshelg.

Skirenn/overnattingstur i vinterferien 25.02-26.02. Laurdag skøytesprint i Stordal, søndag skøyting / duathlon for dei eldste i Valldal. Overnatting i 5-manns og / eller 7-mannshytter i Valldal sentrum. Flott viss dei som ønsker å overnatte, og kan gje eit svar allereie no, skriv ein kommentar til dette innlegget. Utifrå tilbakemeldingane kan eg bestille hytter i god tid !

Hans Olav Sætre ber om tilbakemelding på Facebook, snarast!!

Innbyding til renna i Stordal/Liabygda og Valldal



Nathalie Vatne Aa deltok i Ungdomsstafetten for 13 og 14 åringar i Holmenkollen.

Postet av Hovdebygda IL den 19. Feb 2017

Nathalie med Holmenkollen i bakgrunnen. Totalt deltok 760 ungdommar frå heile landet.



Årsmøte og nytt styre i Hovdebygda IL langrenn

Postet av Hovdebygda IL den 13. Feb 2017

Mandag 13. februar vart det halde årsmøte.

Rune Røyrhus las årsmeldinga som viste serdeles høg aktivitet.

Årsmelding HIL langrenn 2016

Bjørnar Øye som er kasserar la fram eit rekneskap med eit overskot for 2016 på om lag 29 000.- Han kunne vise til at laget har gode sponsorar og at økonomien er god.

Guttorm Øye som styremedlem og Rune Røyrhus som leiar takka av etter mange år i Hovdebygda IL langrenn.

Ny leiar i styret er Dag Jarle Aa

og nytt styremedlem er Arne Thomas Haram.

Styret elles består av Hans Olav Sætre, Runar Gretland, Johnny Riise, Bjørnar Øye og Geir Aamund Hovden.



22 frå Hovdebygda IL langrenn deltok i krinscup rennet i Hornindal

Postet av Hovdebygda IL den 12. Feb 2017

Resultatliste frå SparebankenMøre cup i Horningdal

Sunnylvsrennet vart arrangert av Sunnylven IL i løypene til Horningdal.




Johnny Saure Riise nr. 3 i Tverrfjelldilten. 40 km klassisk i Stryn

Postet av Hovdebygda IL den 11. Feb 2017

Resultatliste Tverrfjelldilten

Johnny Saure Riise nr. 3, vinnar av klasse 40-45. Runar Gretland nr. 2 i klasse 35-39. Pål Røe nr. 5 i klasse 45-49.



Veldig bra dag for Hovdebygda IL langrenn i barne og ungdomsklassene i Tverrfjelldilten

Postet av Hovdebygda IL den 11. Feb 2017

Adrian etter å ha vunne 10 km i klasse 15-16 år.

Resultatliste Tverrfjelldilten

Håvard Sætre klar til start i eit stort felt med 13-14 åringar som skulle gå 5 km klassisk.

Nathalie Vatne Aa klar til start i klasse 13-14 år og 5km klassisk

Marius Saure Riise i 3 km løypa. Flott innsats

Luckas Loe Selbervik er klar i startfeltet for klasse 11-12 år og 3 km klassisk

Jørgen Gretland er klar i startfeltet klasse 11-12 år , 3 km klassisk




SISTE: 22 frå Hovdebygda IL langrenn er påmeldt til fristil rennet som Sunnylven IL arrangerer i Hornindal. Ver merksam på endringar i terminlista komande helg!

Postet av Hovdebygda IL den 5. Feb 2017

Det blir renn-helg i langrenn komande helg, men ikkje som det står i terminlista.

Sunnylven IL`s SBM cup i langrenn, vert flytta til Hornindal og arrangert søndag.

Innbyding til SparebankenMøre cup vert arrangert i Horningdal på søndag

Renninformasjon for Sunnylvsrennet og oversikt over påmelde

--------------------------------------

Laurdag vert vi invitert til Sogn og Fjordane skikrins sitt kretsrenn (klassisk) i langrenn og seedingsrenn til Birken, på Ullsheim, Markane - Stryn.

Hyesprinten i klassisk er flytta til Ullsheim.

Innbyding til Tverrfjelldilten. Også seedingsrenn til Birken

-------------------------------------

Det oppsette SBM cuprenn i Tomrefjorden vert utsett/ avlyst.