Viktig dugnad på Bondalseidet laurdag.

Postet av Hovdebygda IL den 28. Okt 2017

Arbeidsgjengen held på å køyre ut flis opp på vegduken.

Dette flislaget skal isolere frå jordvarmen slik at alle snøflukser vert teke i vare og tinar veldig seint.

Eit snølag på 15 cm kan preppast med snøscooter og rulle og ein kan gå på ski på eit tynt snølag utan å skade skisålen. Eit viktig bidrag til at vi skal ha eit best mogeleg snøsikkert anlegg.

Vegduken vert rulla ut.



Nyttig klubbmøte i Hovdebygda.

Postet av Hovdebygda IL den 27. Okt 2017

Arkiv bilde av dagleg leiar av Møre og Romsdal skikrets, Stig Aambø.

Det vart fullt hus på Skikretsen sitt klubbmøte i Hovdebygda torsdag kveld.

Agendaen for møtet var å informere om, og skape gode diskusjoner vedr. Skiforbundets nye modell for utvikling av skiutøverar/ skirenn/ skianlegg mm. (SUM-modellen)

 «Hvordan vi kan gjøre tilbudene våre innen trening og skirenn enda bedre,  – og fenge enda flere i alle aldre».

Mange gode innspel og god diskusjon.

 



Hovdebygda IL langrenn arrangerer 3. og siste rulleskirennet, den 22.oktober 2017.

Postet av Hovdebygda IL den 12. Okt 2017

Arkivbilde frå 1. rulleskicupen.

I det andre rennet deltok 45 og no håper vi på 50. Velkomen.

Les innbydinga:   Rulleskicup 22102017_ inndyding.pdf



årets klesbestilling er sendt inn til Trimtex, og 53 personar har bestilt vår nye HIL langrenn jakke!

Postet av Hovdebygda IL den 11. Okt 2017

Det er lova leveringstid på 5-6 veker, so vi skal ha dei i god tid før jul. Alle vert informert ifm. levering. Ettersom dressane er sterkt subsidiert av sponsorar, so er det enklast at rekninga går til HIL ski, og deretter vert kvar enkelt fakturert (forhåpentlegvis muligheiter for betaling med Vipps). MEN det er viktig med kjapp betaling, ettersom HIL må forskottere eit betydeleg beløp.



Dugnad, legging av flis på langrennstadion laurdag 28. oktober kl.10

Postet av Hovdebygda IL den 7. Okt 2017

Mimrebilde frå 16. januar 2016, før vi hadde fått rulla.  Slik er det ofte siste vintrane. 

dugnadsliste-haust2017.pdf

 No prøver vi å ta vare på alle snøflukser og denerer løypene med nye grøfter, rør, legg duk, legg 10 cm med flis på langrennstadion. 

Då oppnår vi å isolere vekk litt av jordvarmen. (tele har vi nesten aldri).

Og så kan alle små og store kose seg og trene på lite snø utan å skade skia og vi kan preppe snøen sjølv med eit lite snølag.



Haustmøtet/ fagdag - langrenn - onsdag 8. november -Møre og Romsdal skikrets

Postet av Hovdebygda IL den 5. Okt 2017

Onsdag 8 november blir det Haustmøte og Fagdag for langrenn.  Langrennskomiteen inviterer til spennande temaer ved Vestnes Fjordhotell. Vi får også besøk frå NSF-langrenn denne dagen. Så hald av datoen! Meir informasjon kjem.



konkurransedress til komande vinter

Postet av Hovdebygda IL den 2. Okt 2017

Dei som skal ha konkurransedress til komande vinter må huske å melde i frå innan tysdag 3.10. Desse blir bestilt samtidig med overtrekksdressane. Det blir ikkje høve til å bestille konkurransedress seinare i sesongen.

Prisen ser ut til å bli 1099,- for vaksne og 899,- for barn.  Henv. til Dag Jarle Aa

Om nokon har brukte dressar dei vil selge kan ein legge desse ut på skigruppa si kjøp og salg side på Facebook.