GODT NYTT ÅR

Postet av Hovdebygda IL den 31. Des 2015

Med dette kjekke bildet vil vi ønskje alle langrennsinteresserte GODT NYTT ÅR. Bildet er frå siste treninga sesongen 2015. Langrenn er mykje meir enn berre trening.



10 frå Hovdebygda IL langrenn som deltok på Romjulsrennet på Bjorli.

Postet av Hovdebygda IL den 27. Des 2015

10 frå HIL langrenn deltok på Romjulsrennet på Bjorli i dag. Mange presterte godt, mellom anna vart det to 2.plassar til Jørgen Gretland i G 11 år og Vegard Røyrhus i G 18 år

Resultatlister klikk på lenkja: Resultat Romjulsrennet 2015



Skirenn vinteren 2016

Postet av Hovdebygda IL den 22. Des 2015

Vi tilrår desse «kortreiste» langrennskonkuransane for Hovdebygda IL langrenn sine aktive.

Denne terminlista fokuserer på kortast mogeleg reiser.

Søndag 13. mars Sonerenn, Bondalseidet, Hovdebygda IL fristil

sjå eigen artikkel om sonerennet.

Søndag 20. mars. Holmøyskarrennet, Veten IL og Hardbagg IL

Laurdag 26. mars, Rypeskarrennet, Utvikfjellet, Fjellhug Vereide IL

Avslutningshelga på Molde:

laurdag 9. apr kl 12:00 prolog klassisk for utøvere eldre enn 13 år

12:30 sprintcross fristil for utøvere under 13 år, min 2 heat pr utøver

kl 13:30 sprint heat for 13 år og eldre (minimum 2 heat pr utøver)

søndag 10. apr kl 12:00 jaktstart fristil - normaldistanse. startene baseres på resultater fra sprintene dagen før. (de som ikke deltar på lørdag starter i en pulje til slutt)



For dei som ønskjer å delta på fleire skirenn, så er Midt Norsk meisterskap i Surnadal og resten av Sparebanken Møre cup renna, aktuelle.

Fullstendig terminliste finn du på: http://www.skiforbundet.no/more-og-romsdal/langrenn/skirenn/

og alle renna etterkvart på http://www.skiforbundet.no/more-og-romsdal/terminl...

Terminliste Sogn og Fjordane:


http://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/langre...

og vidare til påmelding renn i S & F:

http://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/





NB ! Pga snøforholda på Skaret, Molde, er Romsjulsrennet flytta til Bjorli. Rennet blir i Fristil med fellesstart.

Postet av Hovdebygda IL den 22. Des 2015

Husk påmelding innan 23.12 klokka 23:59

treng du hjelp til påmeldinga kan du ringe 90750535.



Siste treninga før jul.

Postet av Hovdebygda IL den 21. Des 2015


13-16 og 10-12 år: På grunn av usikre snøforhold i Hornindal og på Ullsheim blir det i

staden rulleskitrening i morgon kl.18.00 ved Bygg 1. Planen er blant anna å

gjennomføre eit "testrenn" på rulleski for alle som skal gå skirenn i romjula🌲.


7-9 år har juleferie til etter nyttår.



Slik var det like før jul 2014

Postet av Hovdebygda IL den 21. Des 2015

Bilde frå søndag morgon 27. des. 2015. Ca. 15 cm nysnø.

Veret og forholda endrar seg fort. Det er meldt om kaldare ver mot nytt år og snø i januar så vips så har vi dei flottaste forhold for langrenn.



Sparebank1 cup og andre kortreiste skirenn startar i januar for alle årsklasser

Postet av Hovdebygda IL den 13. Des 2015

Vi har laga ei oversikt over kortreiste langrenn for små og store. Det heile startar med Sparebank1 cup på Ørsta skisenter, langrennstadion, torsdag 14. januar.

Kretsrenna startar laurdag 9. januar med Ullsrennet på Ullsheim i Stryn og dagen etter er det SpbMøre kretscup like over fylkesgrensa i Synnulven.

Klikk på lenkja og sjå på lista over skirenn. Kortreiste langrenn 2016.pdf



Sesongopning for langrenn laurdag 19. des. på Bjorli

Postet av Hovdebygda IL den 13. Des 2015

Første langrennet i kretsen vert arrangert på Bjorli laurdag 19. desember.

Klikk deg vidare til invitasjon og påmelding: Sesongopning på Bjorli


Neste langrenn er Romjulsrennet på Molde, 27. desember.

Klikk deg vidare til invitasjon og påmelding: Romjulsrennet

Dersom nokon treng hjelp til påmeldinga, kan du ta kontakt med Guttorm, 90750535.





SkiSport for den som er glad i langrenn

Postet av Hovdebygda IL den 12. Des 2015

I bladet Skisport kan du lese det meste om langrenn.

Trykk på lenkja og les om SskiSport




Usikre snøforhold, samlinga på Ullsheim som var planlagt kan verte flytta eller utsett.

Postet av Hovdebygda IL den 1. Des 2015

Sidan det er usikkert med snøforhold på Ullsheim i helga har vi bestemt at det blir treningssamling kun LAURDAG 5.12 (utan overnatting). Torsdag 3.12 sender vi ut melding kvar samlinga blir ut i frå ver- og føremeldingar. Målet er å få gå 2 økter på ski på laurdag, med felles måltid mellom øktene++. Dersom all snø regnar vekk utset vi samlinga til seinare



Det har minka mykje på snøen. Sjekk Facebook for kvar det vert trening komande veke.

Postet av Hovdebygda IL den 21. Nov 2015

Pr. 25. januar kan vi melde om lite snø i langrennsløypene.

Sjekk Facebook for å få vite kvar treninga vert denne veka. Vermeldinga melder meir snø til helga og vi håper og trur at snøsålen vil vare til då, og vere eit godt underlag for nysnø.

Les meir om treningar under nedtrekksmenyen : Felles treningar.





Rulleskirenn i Hovdebygda, søndag 15. november

Postet av Hovdebygda IL den 15. Nov 2015

tter rennet samla vi løparar og nokre foreldre.

Årets siste rulleskirenn i Sparebank1 rulleskicup er gjennomført. Søndag, fint ver og snø langt ned i fjella, laga ei fin rame omkring rulleskirennet. Flott premie til alle som deltok, var "landslagslua" frå sponsor: Sparebank1 Søre Sunnmøre.

To av jenteløparane etter rennet, Ingvild og Nathalie

Klar til start klasse 8-9 år.

HIl langrenn har opplevd veldig god rekruttering og nye kjem til kvar veker, Og vi har plass til fleire.




Sparebank1 rulleskicup, søndag 15. november kl. 12

Postet av Hovdebygda IL den 11. Nov 2015

Du er invitert til å delta på rulleskirenn i Sparebank1 rulleskicup, søndag 15. november kl. 12 på Bygg1, Ørsta.

Rulleskirennet går i rundløype ved Bygg1.

Stilart: skøyting fellesstart.

Vi har 36 par med junior rulleski til utlån. Vi brukar dei så langt som råd er, til alle under 15 år. Dei som er 15 år og eldre må bruke eigne rulleski med 2-ar hjul. Også 13-14 åringar kan bruke eigne rulleski med 2-ar hjul.

Årsklasse i langrenn er det ein fyller i 2016.

Årsklasser: 7-8 år, 9-10 år, 11-12 år, 13-14 år, 15-16 år, 17 år og eldre.

Påmelding seinast kl. 11.30

Startkontigent: kr. 50.-

Premiering :

Velkomen til rulleskirenn.

Arrangør: Hovdebygda IL langrenn, www.hovdebygdail.no







Godt salg av Jubileumsboka Hovdebygda idrottslag 100 år, .Boka er no i salg i bokhandlar og butikkar og kostar kr. 350.-

Postet av Hovdebygda IL den 11. Nov 2015

Det vert meldt om godt salg av jubileumsboka. Boka er i stort format på 560 sider, og kostar kr. 350.- i bokhandlar og butikkar. Den kan også kjøpast hos Oddmund Hovden, trykk på lenkja: Oddmund Hovden

Utgjevar er Hovdebygda soge- og velferdslag. Boknemnd er: Roar Rønning (red.), Oddmund Hovden, Bottolf Lødemel, Sveinumg Walseth.



HIL-treningsjakker/bukser, du kan framleis bestille varer, men då til vanleg klubbrabatt hos Sport1 Ørsta, gågata

Postet av Hovdebygda IL den 10. Nov 2015

3 blide langrennsjenter som viser HIL-jakker.


AXC: Modell som er litt vidare i passform og med vindtett rygg. Meir aktuell for dei minste og støtteapparat.

PXC: Smalare og meir teknisk modell, stretch rygg. For den meir aktive.

Prisar: Ta kontakt med Sport1 Ørsta i gågata.









Skikvelden samla mykje langrennsfolk.

Postet av Hovdebygda IL den 10. Nov 2015

65 var med på SKIKVELDEN på Tussatun. Handle lokalt gir gevinst til alle! Hovdebygda langrenn har avtale om rabatt på langresrelatert utstyr.




Fine forhold og god førebuing for ein ny sesong for Ingvild Øye

Postet av Hovdebygda IL den 3. Nov 2015

15 gode treningsdagar på breen i Val Senales.

Ingvild melder om: Veldig fint i Val Senales om dagen! Sol og perfekte forhold. 70 cm nysnø og Blå Swix føre i oktober, kan ein drøyme om. Men slik var det på Schanlstal breen i Val Senales.



Hovdebygda IL feirer 100 år med fest på Ørsta kulturhus fredag 30. oktober.

Postet av Hovdebygda IL den 30. Okt 2015




Vi gratulerer oss alle med den spreke 100 åringen.


Legg treninga til Hovdeåsane i helga.

Postet av Hovdebygda IL den 28. Okt 2015


Bilde frå traktorvegen langs Hovdevatnet
Fint i Hovdeåsane no om hausten. Mange val for ein treningstur enten ein tek seg tid til ein halv time eller 2 timar.












SKIKVELD. mandag 9. november kl. 18.00 på Tussatun, Langemyra 6, Hovdebygda

Postet av Hovdebygda IL den 27. Okt 2015

Arkivbilde frå Madshus. I 2013 var Racingssjefen til Madshus på besøk. I år legg vi det meir mot eit grunnleggande nivå












God deltaking på Sparebank1 rulleskirenn som HIL langrenn arrangerte i rulleskiløypa på Ullsheim

Postet av Hovdebygda IL den 25. Okt 2015


Frå starten i yngste klasse, 7-9 år.
Hovdebygda IL langrenn, arrangerte treningssamling med mykje sosialt samver på Ullsheim i Stryn laurdag 24. og søndag 25. oktober.
Tidleg laurdag morgen var det avreise frå Hovdebygda, slik at det skulle verte god tid til ei rulleskiøkt i rulleskiløypa på Ullsheim. Mildt og fint haustver var det, og det vart ei veldig bra rulleskitrening for alle aldersklasser. 30 små og store var med på samling denne gongen. For dei eldste vart det ei økt nr. 2 i rulleskiløypa, medan alle dei andre tok turen til symjehallen i Stryn og dette var veldig populært.
Søndag morgen starta med snøbyger, men det la ingen dempar på hummøret. Det vart ingen snø som la seg på marka og i løypa og kl. 12 var det klart for rulleskirenn for 25 deltakarar.



Resultatliste for 1. rennet i Sparebank1 -cup, arrangert i rulleskiløypa på Ullsheim i Stryn.

Søndag 25 oktober. Arrangør: Hovdebygda IL langrenn.



Jenter 7-9 år, 2 x 500 m.

Mia Vatne Aa

Dorthea Gretland

Mathea Loe Selbervik

Martine Gundersen

Ine Refvik

Gutar 7-9 år, 2 x 500 m

Ole Kristian Refvik

Jon Weider

Johan Vågsholm

Gutar 10-12 år, 2 km

Marius Saure Riise 9,01

Heine Kulø 10,03

Jørgen Gretland 7,33

Håvard Sætre 7,14

Luckas Loe Selbervik 8,23

Sjur Weider (13) 8,17

Jenter 10 -12 år, 2km

Nathalie Vatne Aa 8,00

Emilie Flote 9,33

Hanna Saure Riise 9,50

Ada Celine Gundersen

Gutar 13 – 16 år, 7,1 km

Simon Hjelmeset Kirkeide 18,23

Jon Olav Hofseth Hatløy 19,18

Adrian Flote 22,17

Jenter 13-16 år, 6 km

Maria Sætre 19,29

Menn 17 år og eldre, 8,4 km

Vegard Røyrhus 20,45

Runar Gretland 23,43

Hans Olav Sætre 25,56




Simon Hjelmeset Kirkeidet representerte Markane IL, alle dei andre Hovdebygda IL langrenn.















Sparebank1 rulleskicup, søndag 25. oktober kl. 12 på Ullsheim, Stryn

Postet av Hovdebygda IL den 21. Okt 2015

Bilde frå premieutdelinga etter aktivitetsdagen i august - HIL 100 år.
Du er invitert til å delta på rulleskirenn i Sparebank1 rulleskicup, søndag 25. oktober kl. 12 på Ullsheim, Stryn. (Vi arrangerer rulleskirenn i samband med at HIL langrenn har langrennsamling på Ullsheim).
Rulleskirennet går i rulleskiløypa
Stilart: skøyting.
Rulleski: Vi har 30 par med junior rulleski til utlån. Vi brukar dei så langt som råd er, til alle under 15 år. Du kan bruke eigne rulleski, men då må dei skia ha 2-ar hjul.
Dei som er 15 år og eldre må bruke eigne rulleski med 2-ar hjul.
Påmelding: kl. 10.30 til 11.00
Startkontigent: kr. 50.-
Alder frå 7 år.
Premiering: Vi tek sikte på eit rulleskirenn nr. 2 i Hovdebygda/Ørsta i november og premierer samla etter dette rennet.
Distansar: Fristil distanserenn.

Velkomen til rulleskirenn.

Arrangør: Hovdebygda IL langrenn, www.hovdebygdail.no






Brukt utstyr på Facebook

Postet av Hovdebygda IL den 21. Okt 2015



Eksempel frå Facebook -sida
Nyttig, bra og rimeleg å kjøpe brukt utstyr.
Finn fram til Facebook gruppa: Hovdebygda IL skigruppa brukt utstyr:


Samling for HIL langrenn, laurdag 24. til søndag 25.oktober på Ullsheim

Postet av Hovdebygda IL den 14. Okt 2015



Bildet viser: klar til Sparebank1 cup på rulleski i 2014.

Hovdebygda IL langrenn inviterer aktive barn og foreldre til samling på Ullsheim, Markane i Stryn.


Vi skal bu på klubbhuset, som har store rom for opphald og soving på madrass, kjøkken, garderober, dusj.

Vi har laga til eit kjekt og aktivt program som inviterer både til trening/bading/leik/kjekke kveld og eit rulleskirenn på søndag, liknande rulleskirenn som vi hadde 4 av i fjor.

Det er mogeleg å delta på rulleskirennet sjølv om ein ikkje har vore med på samlinga.

Nedre aldersgrense er 7 år og alle under 10 år må ha med foreldre.

Alle som vert med, må betale ein eigenandel på kr. 200.-Det dekker mat, opphald (sove på madrass), badebillett og leige av rulleskiløypa.

Påmeldingsfrist, onsdag 21. oktober til dagjarlea@yahoo.no
og eventuelle spørsmål.

Betaling av eigeandel, kontant til Dag eller Runar på laurdag 23.

Programmet så langt.

Laurdag 23. oktober:
09.30 Avreise frå Furene, møter påkledd for trening.
10.30 Rulleskiøkt på Ullsheim.

13 + Hans Olav, ansvar for treninga

10-12 Dag, ansvar for treninga

7-9 Runar og Johnny ansvarleg for treninga

13.00-14.00 Lunsj
14.30- 16.00 Bading Stryn (hallen stenger 16.00)

18.00 Middag (Taco)
19.00 Leikar , div.



Søndag 24. oktober:
09.00- 10.00 Frokost
12.00 Start Rulleskirenn, skøyting på Ullsheim





Viktig å ta med:

NB!! MÅ ta med SOVEPOSE!


Stavar til rulleski

Hjelm

Varme treningsklede for 2 dagar.

Skisko

Handduk og toalettsaker

Innsko

Badeklede

Godt humør og anna du treng.



Mvh.

Hovdebygda Il langrenn

Guttorm Øye 90750535

Dag Jarle Aa 97185183







Jubileumsfest for Hovdebygda IL 100 år. Fredag 30. Oktober kl. 19.00 på Ørsta kulturhus.

Postet av Hovdebygda IL den 4. Okt 2015


Fredag 30. Oktober kl. 19.00 på Ørsta kulturhus.

Trykk på lenkja under når du skal melde deg på:


Vi må gjere klar langrennsanlegget på Bondalseidet før vinteren, laurdag 10. oktober kl. 10 og laurdag 17. oktober

Postet av Hovdebygda IL den 23. Sep 2015



Bilde frå langrennstadion etter årets slått.

Arbeid som må gjerast er: Fjerning av buskar omkring bygningane, sette opp plakatar for å finne vegen til langrennstadion, fjerne tre og buskar langs ein del av lysløypa, litt rensk omkring innløp til stikkrenner, grafse vekk stein etter steinriva sitt arbeid i den omlagde trasseen, bygge køyrebru for snøscooteren, ++...
Håper at alle kan avsette 2 dagar for året for å ha eit godt anlegg når snøen kjem.
Ta med beitesaks, motorsag, grafse, rive, hammar, spikar, elt etter kva du har.




Vegard Røyrhus med godt resultat, Trollstigen opp på rulleski

Postet av Hovdebygda IL den 21. Sep 2015



Arkivbilde frå sist vinter.

Vegard greidde 2. plass i klasse M18. God tid og eit godt løp i rulleskirennet over 9km frå Trollstigen Gjestegard og opp til toppen av Trollstigen på klassisk rulleski.

Andre deltakarar frå Hovdebygda langrenn var Jon Olav Hofseth Hatløy og Åsmund Brunstad Øyehaug.
Resultat: http://www.skiforbundet.no/Documents/Krets/Møre ...



Vi har fått til avtale med nye trenarar.

Postet av Hovdebygda IL den 17. Sep 2015



Bilde frå avlutningsrenn i Valldal.

Sesongen nermar seg. Vi har hatt ei veldig vellukka oppstartstrening. Deretter var det eit kjekt rullskirenn i samband med 100- års jubileumet.
Treningaplanen legg opp til rulleskitreningar onsdag 23 og onsdag 30. sjå eigen artikkel om treningar.
Etter haustferien er vi i gang med fellestreningar kvar tysdag og torsdag for alle grupper.
Vi har fått til avtale med 2 studentar som skal vere trenarar i tillegg til foreldra.
Så er det viktig å legge merke til at vi planlegg 2 kjekke samlingar på Ullsheim. Den første vert i oktober og så ei på nysnø i starten av desember.


Hovdebygda il langrenn sin plan for hausten

Postet av Hovdebygda IL den 5. Sep 2015



Arkivfoto frå oppstart treninga i august.

Pr. 01.11.2015 ser planen slik ut:
Samlingar:
5. -6. desember: Snøsamling på Ullsheim. Alle i Hovdebygda IL vert invitert.



Rulleskirenn:
Søndag 15. november 2. Sparebank1 rulleski-cup, Bygg1

Fellestreningar:


7-9 år:

Tysdagar: kl. 18-18.45 Hovden skule gymsalen
Trenar: Foreldre
Torsdagar: kl. 18.00 Rulleski, Bygg1,
Trenarar: Runar Gretland og Johnny Riise



10-12 år:
Tysdagar: Hovden skule, ute kl. 18-18.30 Inne til 18.45-19.30
Trenar: Martin Berg Volden, student HiVolda, ass. foreldre
Torsdagar: kl. 18.00 Rulleski, Bygg1, Dag.
Trenar: Dag Jarle Aa



13 år +:
Tysdagar: kl. 18.00 Hovden skule, trening barmark
Trenar: Anders Skar, student HiVolda,
Torsdagar: kl. 18.00 Rulleski, frammøte Bygg1
Trenar: Anders Skar, student HiVolda, ass. Hans Olav Sætre





Stordalsamling-Langrenn

Postet av Hovdebygda IL den 1. Sep 2015




Stordal IL Langrenn inviterer alle løparar i aldersgruppa 11-16 år (årgang 2005-2000) til langrennshelg i Stordal 2.-4. oktober. Viss nokon av Hovdebygda IL langrenn sine aktive vil vere med så kan ein melde seg på og få refundert halvparten av påmeldingsavgifta frå HIL langrenn. Informer gjerne Hans Olav Sætre at du har meldt deg på, slik at ein kan eventuelt avtale reise. Hans Olav informerer deg om korleis du skal få ref. 1/2 part av påmeldinga.
Les invitasjon og info om påmelding: http://www.skiforbundet.no/Documents/Krets/Møre ...



Langrenn stadion og lysløypa på Bondalseidet er nyslegen og klar til vinteren

Postet av Hovdebygda IL den 27. Aug 2015



Beitepussing utført på heile langrennsanlegget.
Årets slått er gjennomført for heile langrennsanlegget. Vi ventar med å slå nyedelen av langrennstadion til neste år. Nokre blaute parti som ville ha vorte unødvendig sporete etter traktoren. Neste sommar reknar vi med at alt er tørt nok.
Etter at stadion no er utvida, lysløypa er om lagt og Åmskarløypa er utbetra, har langrennsløparane som besøker Bondalseidet eit av fylkets beste tilbod.


HIL i 100.

Postet av Hovdebygda IL den 25. Aug 2015




Kjekt på aktivitetsdagen laurdag 22. august.
Les meir om dette på: http://www.morenytt.no/sport/article11464655.ece
Og i papiravisa tysdag 25. august.


Herlige dagar - flott video av samlinga på Ullsheim

Postet av Hovdebygda IL den 24. Aug 2015



Felles bilde frå samlinga på Ullsheim. Vi kjenner ikkje alle, men ser Jon Olav nr. 4 frå venstre og Adrian nr. 15 frå venstre.

2 av våre aktive langrennsløparar, John Olav Hofseth Hatløy og Adrian Flote er med på samlingssamarbeidet Stordfjordlangrenn. Her kan du sjå på ein film litt av treningsdagen:



Utbetring av Åmskarløypa er ferdig

Postet av Hovdebygda IL den 24. Aug 2015



Arbeidet med utbetring av Åmskarløypa er ferdig. Veldig fint utført av Arthur Johan Bjørdal, for Aurstad.

Arbeidet med å utbetre Åmskarløypa har vore planlagt over lang tid. No er arbeidet ferdig og finansiert av Statnett med godt støtta av Aurstad.
Det er strekninga frå der 420kV linja kryssar dagens Åmskarløype og nesten heilt til Åmskaret som vert utbetra med langsgåande grøft og stikkrenner der vatnet har rent før.
I det fine veret som var i august, så ser det ut til at oppgravde masser vil tørke raskt.
Det er inngått avtalar med alle berørte grunneigarar. Total lengde på det som har vorte utbetra er 1,5km.







Hovdebygda IL 100 år vart feira med familiedag.

Postet av Hovdebygda IL den 23. Aug 2015



Hovdebygda IL 100 år vart feira med familiedag på Hovdebygda stadion i laurdag 22. august. Langrennsgruppa arrangerte sprintrenn på rulleski. 17 løparar frå HIL langrenn og Volda skiskyting deltok, dei fleste i alderen 7-12 år.

















Kom å delta på rulleskirenn i samband med aktivitetsdagen

Postet av Hovdebygda IL den 20. Aug 2015




Laurdag 22.8 arrangerer HIL langrenn rulleskirenn i samband med aktivitetsdagen under markeringa av at HIL er 100 år i år. Rennet vil bli arrangert som sprintrenn i ei løype på 500 m ved Tussa i Hovdebygda. Sjå vedlagt innbyding for meir info.


Innbyding-rulleskirenn-22.8.15.pdf


Toppidrettsveka

Postet av Hovdebygda IL den 20. Aug 2015



Ingvild på veg mot toppen av motbakkeløpet Fonna opp. Flott utsikt mot Hitra, Frøya og Smøla.
Etter ein god start torsdag, heldt Ingvild fram med sitt beste skiathlon renn nokon gong på Knyken idrettssenter i Orkdal fredag ettermiddag.. Og det mest spesielle var at det var klassisken som vart best. Totalt nr. 26 og nr. 12 av dei norske.

1. konkurranse var motbakkeløpet Fonna opp. Det enda med 22. plass og 10. beste norske der Terese Johaug vann.Kjekt at dei beste frå USA, Italia, Tyskland, Japan med fleire deltok.

Siste konkurranse er 15 km klassisk jaktstart i Trondheim sentrum. Det er venta mist 30 000 tilskodarar langs løypa.


Hovdebygda IL feirer 100 år med aktivitetsdag

Postet av Hovdebygda IL den 17. Aug 2015


Hovdebygda IL 1915-2015

Programfor dagen:
Tur til Dalsmogarden, avmarsj kl 11


Det vert liv og røre på stadion heile dagen
13-14 skiaktivitet/skirenn
14-15 fotball- og barneaktivitetar
14.30 ju-jitsu oppvisning
15-16 Fotballkamp

Meir info kjem etterkvart.




Fjellturar gir god trening

Postet av Hovdebygda IL den 15. Aug 2015


Utsikt frå Saksa mot Brekketindane, Slogen, Smørskredtindane.
Turen frå Urke til Saksa er ein veldig fin treningstur. I dag var minstemann 4 år. Men ver forsiktig i ura og like før toppen. Fleire spreke karar frå andre sida av jordkloda jobba med å lage trappetrinn gjennom ura. Ein fin tur og utsikta er ein god premie når ein kjem opp på toppen.



Desse karane jobba seg gjennom ura og laga gode trapper av steinheller. Dei kjem frå Nepal, etter som vi har høyrdt. Blide var dei.
Vil du velje ein kortare tur så ligg Helgehornet klart kvar dag og like ut for døra. Du kan velje råsa frå skytebana eller frå skogsvegen ved Hovdevatnet.








OVER STOKK OG STEIN

Postet av Hovdebygda IL den 15. Aug 2015



det er nå på tide å melde seg på HINDERLØPET OVER STOKK OG STEIN som foregår i Follestaddalen den 29 august.
Vi setter ei grense på 40 deltakere i konkuranse klassen (første mann/ dame til mølla prinsippe)
så det kan lønne seg å være tidlig ute.
I Mosnjonsklassen er det litt bedre plass, Der tror vi at vi kan ha mellom 60 - 70 påmeldinger.
I ungdomsklassen er det plass til 30 stk.


For mer info kan dere gå inn på hjemmesiden vår. http://overstokkogstein.net/
eller facebook siden vår https://www.facebook.com/overstokkogstein

Eller dere kan ringe direkte til Meg Arve på tlf 92 82 44 13

Jeg skal love dere et løp dere aldri før har sett maken til og med grillfest etter løpet blir ettermidagen og kvelden en sosial samling.

Det er mulig å sove i telt dersom dere vil det:=)



HIL langrenn er igang med ein ny sesong

Postet av Hovdebygda IL den 12. Aug 2015



35 på rulleski starta trening mot ein ny langrennsesong. Vegard Røyrhus og Ingvild Øye i lag med 2-3 av foreldra utgjorde trenarteamet.
Volda skiskyting var i lag med oss.
Det vart ein kjekke treningskveld og neste gong vi møtest vert på aktivitetsdagen i samband med HIL sitt 100 års jubileum, laurdag 22. august. Følg med her og på Facebook.

Nokre bilder frå treninga:



10-12 års gruppa trenar teknikk med Ingvild


7-9 års gruppa i aksjon



Mødregruppa i Hovdebygda IL gir tilskot til å kjøpe mange nye rulleskipar.

Postet av Hovdebygda IL den 5. Aug 2015



30 par med rulleski er utlånt, og då kjem Mødregruppa i Hovdebygda IL med eit tilskot, slik at vi kan kjøpe mange nye par.


Utlånsreglar:
Du kan låne rulleski til og med det året du fyller 14 år.
Lånetid er fram til jul. Når lånetida er ute må du sjølv levere tilbake rulleskia.
Du må vere medlem av Hovdebygda IL, eller så må du melde deg inn i HIL.
Lån av rulleski er for dei som deltek på fellestreningar.
Du må halde skia rein for sand.
Det kostar ingen ting å låne rulleski.
Du kan avtale lån av rulleski ved å kontakte Dag eller få låne rulleski på trening.
Ta kontakt med Dag Jarle Aa, 97185183
Du må bruke hjelm og refleksvest når du går på rulleski.
Du må trene på å bremse!
Barn må ikkje gå på trafikert veg.
GOD TRENING PÅ RULLESKI!








Ingvild Øye, Vegard Røyrhus og Hovdebygda IL langrenn inviterer til rulleskitrening onsdag 12. aug. kl. 18.30

Postet av Hovdebygda IL den 2. Aug 2015



Bilde frå motivasjonssamlinga i oktober 2014

Rulleskitrening: Onsdag 12. august kl. 18.30 ved Bygg1.
Ingvild Øye, Vegard Røyrhus med fleire vert instruktørar.
Aldersgrupper som før, frå dei som er 7-8 år, alle grupper.
I samband med 100 - års jubileumet sin aktivitetsdag laurdag 22. august vert det arrangert eit rulleskirenn. Difor vert dette ei fin muligheit å prøve rulleskia.
Frå og med mandag 3. august vert det høve til å låne rulleski igjen. Ta kontakt med Guttorm eller Dag. Lån av rulleski er gratis, men det er berre for medlemar i Hovdebygda IL, eller dei som vil melde seg inn. Aldersgrense for lån er dei som fyller 14 år i år.Låneperiode er fram til jul.
Vi tek også med rulleski til treninga.







Ingvild Øye på 3. plass i Saudehornet rett opp. Veldig godt løp av Vegard Røyrhus.

Postet av Hovdebygda IL den 1. Aug 2015




Ingvild Øye, Hovdebygda IL, på veg mot Saudehornet.

Vegard Røyrhus, Hovdebygda IL, gjorde også eit veldig godt løp med slutt tid 1,05,29. Hann vann klasse 16-17 år heilt suverent!

Laurdag 01.08.2015

Frå 0 til 1303m.o.h. «frå tareblad til tinderad»

Damer(uansett klasse)

1.Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slide IL1,04,08

2.Elisabet Hildenes, Eid IL1,07,24

3.Ingvild Øye, Hovdebygda IL langrenn1,12,33

4.Aija Skrastina, Emblem IL1,13,59

5.Reese Bendiksen, Ålesund friidrettslag1,14,17



Herrer (uansett klasse)

1.Erling Hisdal, I.K. Tjalve55,30

2.Daniel Stock, Team LeasePlsanGo56,12

3.Isak Bergset, IL Veten57,59

4.Sverre Nesdal Aske, Fjellhug Vereide IL58,50

5.Are Uran, Havørn IL1,00,04

Fullstendig resultatliste: http://www.saudehornet.no/index.php/resultatlister...





Vegard om lag halveis i løpet. Slutt tida tida til Vegard vart 1,05,29. Fekk akkurat drikke av fotografen.

Andre deltakarar frå Hovdebygda IL:
Klasse 18-19 Åsmund Brunstad Øyehaug 1,21,26
Klasse 45-49 Helge Ressem 1,27,38







Finaaaaaaleeee!

Postet av Hovdebygda IL den 30. Jul 2015




Hovdebygda IL jenter 14 vann B-finalen i Norway cup, fredag 30. juli 2015. Gratulerer!!


Treningsløype denne veka?

Postet av Hovdebygda IL den 28. Jul 2015



Ta ein tur til Ytre-Hovdeåsen. Stopp på Høgåsen og nyt utsikta.


Og utsikta mot Hovdevatnet.


Og utsikta mot Ørsta.
På godt merka sti eller på traktorveg. Du kan springe, gå eller trille barnevogn. Parker gjerne ved badeplassen og start turen der, først på skogsveg, så på råsa ned til garden til Oddmund Hovden. Du finn kart undervegs.






Vi gratulerer Ingvild Øye med 20 års dagen.

Postet av Hovdebygda IL den 27. Jul 2015



Ingvild si motivasjonssamling for Hovdebygda IL langrenn rekruttar oktober 2014











Saudehornet rett opp går som planlagt

Postet av Hovdebygda IL den 26. Jul 2015

oppdatert: 30.07.2015
Start
Les meir om dette på : http://www.morenytt.no/incoming/article11366740.ec...

Komande laurdag 1. august er det klart for Saudehornet rett opp.
Med start i småbåthamna og mål på Saudehornet. Høgdeskilnad på 1303 m.

Vi oppmodar om, enten å delta eller å hjelpe til med arrangementet.

Meir om løpet og påmelding: http://www.saudehornet.no/

Løypeoversikt

Løypeprofil


Stor aktivitet i Hovdebygda IL langrenn på -1990-talet.

Postet av Hovdebygda IL den 17. Jul 2015



Desse bilda er frå eit skirenn på Molde januar 1991. Lite snø denne vinteren. Ser ut som at Rossa passa godt som smurning. Mange kjende ansikt.



















ny onsdagstrening, onsdag 12. august NB! treningstart kl. 19.30 ved Hovden Møbel

Postet av Hovdebygda IL den 16. Jul 2015



Ny trening, velkomen. Frammøte kl. 19.30 ved Hovden Møbel






Nytt bilde frå historiealbumet til Hovdebygda IL langrenn

Postet av Hovdebygda IL den 16. Jul 2015



Bildet er frå ein snøfattig vinter. Kretsrenn vart arrangert på Eitrefjell og i Grøndalen.




HIL bilder frå 1980-1990 talet i sommar.

Postet av Hovdebygda IL den 14. Jul 2015


I sommar kjem vi til å legge inn nokre gamle bilder. I dag er bildet frå KM stafett i Valldal i 1993.






100 års jubileumet: Familiedag på stadion 22.august

Postet av Hovdebygda IL den 9. Jul 2015



Frå rulleskistafetten under 90-års jubileumet i 2005.


I høve HIL sitt 100årsjubileum inviterer vi til familiedag på stadion laurdag 22.august frå klokka 12.00

Det vert tur til Dalsmogarden, med start klokka 12. Råsa er nyrydda i høve jubileet.
Det vert liv og røre på stadion heile dagen
13-14 skiaktivitet/skirenn
14-15 fotball- og barneaktivitetar
14.30 ju-jitsu oppvisning
15-16 fotballkamp

Finevêret er bestilt, inviter gjerne med familie og vener til ein kjekk dag på stadion!

Vi har leita fram nokre bilder frå aktivitetsdagen under 90 års feiringa i 2005. Feiringa varte i 3 dagar med aktivitetsdag på fredag, loppemarknad og jubileumsfest på laurdag og bygdevandring på søndag.
På rulleskistafetten var det Erlend Slokvik som var speaker. Han hadde då vore i bygda nokre år før, for å vere trenar på "haustsamlinga". Og familien Slokvik var denne gongen spesielt invitert.


Frå rulleski- og rulleskøyteaktivitetane


Mads Ryste var speaker på fotballkampen i 2005


Old-boys laget stilte opp i fotballkampen mot A-laget, kven som vann huska vi ikkje.


Liv Krøvel var leiar i 2005 og var publikum på aktivitetsdagen. Mange kjende ansikt her.



















Gode løp av Vegard Røyrhus og Ingvild Øye i Hellesyltløpet.

Postet av Hovdebygda IL den 4. Jul 2015




Løpet var 6,6 km langt og første halvdel stort sett stigning opp dalen frå Hellesylt sentrum og tilbake gjekk løypa til dels på andre sida av elva. Det veksla mellom asfalt, grus og sti.

Vegard kom i mål på den sterke tida 24.05 og persa seg med 2 1/2 minutt i høve til i fjor.

Ingvild kom i mål som nr. 3 i dameklassa på tida 25.55
Resultat: http://www.hellesylt.info/wp-content/uploads/2015/...





Frå fredagens "old boys" trening på rulleski

Postet av Hovdebygda IL den 3. Jul 2015



Lånte dette bildet frå Facebook, frå venstre Thomas Ekren, Bjørnar Øye, Runar Gretland og Johnny Riise.
På dagens trening fekk HIL langrenn "old-boys" med seg Thomas Ekren og Ingvild Øye. Flott treningstur rundt Berknes halvøya.














Hellesyltløpet og Rotevatnet rundt laurdag 4. juli.

Postet av Hovdebygda IL den 2. Jul 2015




Bilde frå www.Kondis.no Hellesyltløpet i fjor. Ingvild Øye vann damelassa.

Hellesyltløpet vert arrangert laurdag 4. juli 2015 med nasjonal og god deltaking. Mellom anna mange LYN-langrennsløparar skal delta. Sjekk terminlista i kondis.no for påmelding og start http://db.kondis.no/arrangement.php?id=20378&vfylk...

På facebook sida til Volda i Vinden kan vi lese:
Rotevatnet Rundt
Laurdag 4. juli kl. 13:00




Rulleski-prosjektet til Hovdebygda IL langrenn held fram frå 3. august.

Postet av Hovdebygda IL den 29. Jun 2015



3. august startar vi utlån av rulleski igjen.
Vi har 25 par med Swenor Scate junior ski og 5 par med rulleski som passar aller mest for dei under 10 år.
Vi har sett opp reglar for utlån.
Hovedregelen er at det er berre medlemar av Hovdebygda IL som får låne rulleski.
Lån av rulleski er gratis.
Aldersgrense for lån av rulleski er dei som fyller 14 år i år.
Dei som vert 15 år må kjøpe eigne rulleski.
Vi kjem tilbake til meir informasjon seinare.












70 deltakarar på nær-o-løp i Hovdebygda

Postet av Hovdebygda IL den 26. Jun 2015

Omtrent 70 deltakarar frå heile 9 ulike klubbar var representert då Hovdebygda arrangerte sesongens fjerde nær-o-løp. Hovdebygda IL hadde flest deltakarar. Og det var veldig imponerande i høve til at dette var første o-løpet i Hovdebygda på mange år. Flest var det som sprang nybegynnar løypa. Som venta var det Nordfjordingane som var øverst på resultatlistene. Isak Bergset frå NTNUI var suveren vinnar av lengste A-løypa. På dei neste plassane følgde Kjell Ove Bergset og Anders Bergset frå IL Veten. Best av markarane vart Gisle Bøe med ein fjerdeplass i den lengste A-løypa. Vigdis Sætren følgde på femteplass. I den korte A-løypa gjekk sigeren til Elias Bergset frå IL Veten. Resultatliste nær lop 11062015.pdf






Vegard Røyrhus frå HIL langrenn vart nr. 5 i Follestaddalen Rundt.

Postet av Hovdebygda IL den 26. Jun 2015

Vegard Røyrhus frå HIL langrenn kom i mål på den sterke tida 40.35 på 10,3 km under Follstaddalen Rundt i dag. Han vart nummer 5 totalt. Vinnar vart Joachim Tranvåg på ny løyperekord, 34.09.





John Olav Hofseth Hatløy og Adrian Flote på samling med Storfjordlangrenn

Postet av Hovdebygda IL den 24. Jun 2015



Adrian Flote nr. 5 frå venstre og John Olav Hofseth Hatløy nr. 13 frå venstre. Heile gjengen i treningssamarbeidet samla etter trening

Vil på vegne av vertane Tomrefjord IL ski og styret i Storfjordlangrenn takke for "lånet" av kjekke ungdommar i helga!
Ikkje noko problem å ha slik fin idrettsungdom på besøk.

Tusen takk også til Anniken og Lars Anders - vi er heldige som har dykk :)

Ta gjerne kontakt med trenarane eller storfjordlangrenn@gmail.comdersom de har spørsmål.

Vi håper alle har hatt ei fin og lærerik helg med gode opplevingar.
No ønskjer vi alle ein GOD SOMMAR og ser fram til neste samling på Ullsheim i august.

Med venleg helsing
Åse G. Vollan








Gode tilbod på rulleski frå Sport1 Ørsta.

Postet av Hovdebygda IL den 24. Jun 2015

Sport 1 i Ørsta har laga til eit tilbod til alle medlemmer av HIL langrenn på bestilling av rulleski og bindingar før ferien. Aktuelle skimodellar ser du på bileta under og forutset at bestilling er levert inn til butikken innan 29.06.15






Follestaddalen rundt søndag 14. juni

Postet av Hovdebygda IL den 24. Jun 2015

Vegard Røyrhus frå HIL langrenn kom i mål på den sterke tida 40.35 på 10,3 km under Follstaddalen Rundt i dag. Han vart nummer 5 totalt. Vinnar vart Joachim Tranvåg på ny løyperekord, 34.09.



Planlegg heilårs turløype til Åmskaret

Postet av Hovdebygda IL den 10. Jun 2015

Det vert satsa stort på Bondalseidet for å gjere anlegget til Ørsta Skisenter meir attraktivt. Les meir i www.morenytt.no Bildet er lånt frå nettavisa til Møre Nytt og fotograf er Erik Bergmann. Klikk på lenkja og les.: http://www.morenytt.no/nyheiter/article11172798.ec...
Turveg: Det skal byggjast heilårs turveg heilt ut til Åmsskaret, slik at også folk med barnevogner, syklistar og rørslehemma kan kome seg dit. Ei undergruppe i Ørsta Skisenter jobbar med planane. (Foto: Arkiv/Erik Bergmann)



Onsdagstreninga for 15 år +. Og litt om trening for dei som er yngre

Postet av Hovdebygda IL den 10. Jun 2015

Denne treninga som er meint for dei over 15 år, held fram kvar onsdag, vår og sommar.

Variert trening som vekslar mellom forskjellige intervalltreningar, kort intervall, pyramide intervall og litt lenger intervall, 4. kvar veke vert det eit uhøgtideleg testløp.
Oppmøte kl.19 ved Hovden Møbel. Ingvild deltek denne gongen, kanskje Vegard og Åsmund også? Elles god plass for mange fleire.

----------------------

For dei som er yngre oppmodar HIL langrenn om å vere med på andre idrettar, så kjem vi tilbake til fellestreningar i september/oktober alt etter alder. Ørsta IL har friidrett og dei fleste lag har fotball. Hovdebygda Il er i gang med eit tilbod med O-løp.

Utlån av rulleski for dei opp til 14 år, frå 1. august.

Og vi minner om at Sparebank1 rulleski cup startar i slutten av august i samband med markering av 100-års jubileumet. Alle aldersklasser frå 7 år og oppover til senior.



O-løp i Hovdebygda torsdag 11. juni

Postet av Hovdebygda IL den 10. Jun 2015


Torsdag 11.6 kl. 18.00 arrangerer Hovdebygda IL ORIENTERINGSLØP i Hovdeåsen. Oppmøte ved Langemyra / Mork stadion. Du kan velge mellom 4 ulike løyper: Nybyrjar (1,5km), C-løype for dei som har prøvd litt orientering før (ca 3,5- 4 km), A-kort (ca 3,5 km- vanskelegare orientering enn C-løypa) og A-lang (5,8 km) Løpet passar for ALLE frå ca 7-100 år og ein velger sjølv om ein vil gå/ springe på tid eller ikkje. Kr 20 for barn, kr 40,- for vaksne. Deltakarpremie til alle under 15 år.